27. juni 2010

Statkraft er ingen regional utviklar

Gulen kommune er ein (liten) eigar av BKK. BKK er eit sterkt regionalt kraftselskap eigd av kommunar og Statkraft (49,9%)
I min naivitet trudde eg, då Statkraft kom inn som eigar, at det var bra. For Statkraft var eigd av staten, og staten ville utvikling i distrikta. Men eg har fått eit anna syn på denne statsbedrifta. Noko meir kapitalistisk skal ein leite langt etter. Dei har kjempa i mot alt som er av lokal og regional utvikling i BKK-regi. Tidvis vert dei hjelpt av den største eigarkommunen; Bergen. Td. ved å svekke eigenkapitalen i selskapet for at byrådet skal kunne kutte eigedomsskatten for bergensarane. Det er ei skam!
Men Statkraft er ingen strategisk eigar med tanke på regional utvikling. Dessutan balanserer dei på ein knivsegg i fht Konkurransetilsynet. Slik at skal dei kjøpe seg opp ein stad, må dei selje seg ut ein annan. Dette spreier seg vidare inn i kva BKK kan gjere av kjøp.
Statkraft ønskjer seg ut av BKK. Og det bør dei få lov til. Det er kanskje vanskeleg å finne kjøparar, for dei andre eigarane vil ikkje gje frå seg styringa med selskapet. Og då spørs det om Statkraft syns dei får nok betalt.
Professor med NTNU, Leif Lia, har i DN fredag 25.06.10 eit forslag som Trond Giske bør merke seg. Han foreslår at staten opprettar eit fond og kjøper ut Statkraft, og slik let Statkraft utvikle seg utanlands. Samstundes vil dei regionale kraftverka kunne få att oppgåva si med også å vere ein regional utviklar. Forutsetningen er sjølvsagt at det nye statlege fondet har lov å ta distriktspolitiske omsyn. Elles er vi nesten like langt.
Utbygginga av vasskrafta skal kome innbyggarane til gode. Og då særleg i dei områda der fossane er lagde i røyr.

24. juni 2010

Sutring

Eit forferdeleg negativt lada ord. Ingen ønskjer å vere sutrete, eller å bli forbunden med det.
Men landets statsminister og mat- og landbruksminister kvir seg visst ikkje for å bruke denne typen maktspråk mot ei heil yrkesgruppe; nemleg bøndene. Då dei nemnde herrar besøkte årsmøtet til Bondelaget, var dei (i følgje media) direkte på at veksten i matproduksjon ville kome av effektivisering. Og bønder burde finne seg tilleggsnæringar innan reiseliv, nisjeproduksjon eller å bygge ut fossane sine eller la vindmøllene fylle utmarka. Dei som trudde fellesskapet skulle sikre næringa meir enn no, måtte tru om att. Og kven vil la seg rekruttere inn i ei næring som berre syt og klagar?
Stoltenberg hadde aldri våga å bruke slike ord om sine venner i LO som nett har gjennomført veker med streik for betre løn. Og det for tillegg i ei løn som er i alle fall dobbelt så stor som ein vanleg bonde si løn.
Fy for ei skam! Og for ei overlegen haldning frå regjeringa mot ei yrkesgruppe som til dei grader er med å halde opp bygdene, miljøet, rein matproduksjon og "heile landet i bruk".

20. juni 2010

Vanskeleg helse-prioritering

Etter at helsedirektør Bjørn Erik Larsen gjekk ut og sa at ein måtte prioritere helsekronene, og målrette dei inn mot behandling som ga best resultat i fht overleving, så har det vore stor debatt. Nokre avfeiar debatten med å "skyte" på bodbringaren og kalle det "moralsk og etisk uforsvarleg" (Siv Jensen, FrP) Helseministeren vil helst ikkje snakke om det for ikkje å skape usikkerhet. Og KrF si elles dyktige Laila Dåvøy verkar heller ikkje til å ville ta debatten. Det er ganske symtomatisk at av politkarane som uttalar seg, så er det Inge Lønning som tek opp hansken og seier prioritering må til. Det er fristande å seie at han tør fordi han ikkje skal attveljast. Men det er vel ikkje rett, for eg meiner å hugse han har uttalt dette også i "posisjon".
I dagens BT (20.06) tar sjukehussjef Stener Kvinnsland opp handsken. Sjølv som kreftlege, så ser han at rus og psykiatri blir frågått i løyvingar. Og han vil endre på det. Flott! For noko anna er også prioritering, berre at vi ikkje så lett oppdagar det. Men barnet med psykisk sjukdom har like stor trong for, og rett på, behandling som barnet med kreft. Vi er så redd for døden. Men vi veit ikkje, eller gløymer, at for folk som lir av ein depresjon er sjansen til å døy innan ein 5års periode  rundt 50% større enn for ein annan person. (I flg ein nors-britisk studie 2009)
I staden for å gå inn for aktiv dødshjelp, slik FrP gjer, så bør vi heller konsentrere oss om å gje verdig liv til uhelbredeleg sjuke og døyande i form av omsorg, pleie og smertelindring.

Til slutt ein peikefinger til media: Akkurat no så er de samde med Helsedirektør Larsen og meiner politikarane er feige. Men de er raske til å finne enkeltskjebnar og deretter henge ut politkarar for ikkje å gjere noko. Det TV gjorde i Mehmet-saka er eit grellt døme på det. Der fekk de vesle Mehmet til å peike på eit bilete av dåverande helseminister Dagfinn Høybråten, medan han spurde; "er det han som vil at eg skal døy?" (Dømet er henta frå Svein Egil Omdal sin gode blogg) Med slik mediabruk (misbruk) så skal det jammen noko til at vi får dei prinsippielle og dyktige politikarane som vi vil trenge i td denne vanskelege debatten.
Det er klart vi må prioritere. Det skjer kvar dag!

18. juni 2010

mobildekning

Alle tar etterkvart mobildekning som ei sjølvfølgje. Slik er det ikkje. I distriktet så kan det vere ganske vanskeleg å få denne tenesta. I tillegg bur det kanskje så få brukarar at Telenor eller andre ikkje ser det rekningssvarande å bygge ut. Men regjeringa veit råd. Dei seier at kommunen kan spleise med utbyggaren, så ordnar det seg.
Arne Wergelan m fl. har stått på for at det skulle bli dekning i Ynnesdal. Som ordførar så tok eg "ballen" vidare. Kopla også på nabokommunen Masfjorden som høyrer til lenger sør i dalføret og som har same problemet. Sidan mast og straum er tilgjengeleg for å sette opp sendaren på så kostar det "berre" kr 280 000,- for kommunen. Eg likar ikkje prinsippet. For det blir ganske dyrt i ein vidstrekt og spreiddbygt kommune, men eg er likevel oppteken av at også innbyggarane våre skal få del i desse "sjølvsagte" tenestene. Så saka kom til kommunestyret onsdag, og dei samla seg om løyvinga. Og i dag har eg sendt intensjonsavtalen til Telenor. Så no ventar vi på dekning. Håpar det skjer snart!!

13. juni 2010

helsesamarbeid sør eller nord?

For Gulen er det alltid eit spørsmål om kven vi skal samarbeide med. Skal vi samarbeide med Nordhordland eller med kommunane i eige fylke? Til no har vi gjort begge deler. Og eg vil påstå at vi har gjort det med stor forteneste og til beste for innbyggarane.
Men i stadig fleire saker så virkar det som om kommunestyre-representantar ønskjer at kommunen skal velje berre ein samarbeidspart. Og då helst sørover.
Det er krevande å samarbeide to vegar. Det krev meir møter, meir administrasjon. Gulen er td. med i to regionråd. Men det gir også store gevinstar i form av å ha mange å spele på. Sogn og Fjordane fylkeskommune har strekt seg langt for å få til utvikling i Gulen dei seinare åra. Fastlandsforbindelsen til øyane er ein del av det. Det same er Dingja-vegen, kabelferja til Hisarøy og Gulatingstaden. For ikkje å snakke om Sogn og Fjordane sin innsats for industriområdet i Sløvåg og vidareføring av eigarskap i eit nytt GMU. Eg tør påstå at her har dei hatt ein betydeleg større rolle enn Hordaland fylkeskommune, som samarbeidspart Masfjorden, tilhøyrer.
Men så kjem spørsmålet om helse, legevakt og samhandlingreform opp. Gulen kommune har vedteke å prøve å få vere med i Nordhordland legevakt. Det nærmar seg to år sidan vi søkte, eit år sidan vi bestemte retning, og endå veit vi ikkje noko om dei vil ha oss og til kva kostnad. Tidlegast i september vil saka kome opp i Regionrådet Nordhordland. Det er jammen godt at legane våre står på endå i tredelt vakt.
Vi har også sagt at vi er med på utgreiingssamarbeidet saman med Nordhordland i samband med samhandlingsreformen, sjølv om det kan vere litt meir utfordrande sidan vi høyrer til Helse Førde, og har Førde som lokalsjukehus. Vi har så langt også signalisert at vi er med på ein søknad i lag med Ytre Sogn og Sunnfjord om prosjektmidlar til å utgreie samhandlingsreformen. Kostnaden med det er ca. 15000,-.Men då seier Hovedutvalet for omsorg nei. Dei tilrår at vi konsentrerer oss berre om samarbeidet med Nordhordland. Dei vil at kommunen skal gå i forhandlingar med Helse Bergen og Haraldsplass om å få endre tilhøyre til Helse Bergen og ha Haraldsplass som lokalsjukehus.
Formannskapet har tidlegare slutta seg til mitt forslag om at dette er ein stor debatt som vi skal ta til hausten. Det er viktig å legge fakta til grunn i ei sak som betyr så mykje for folk. Og det er sjølvsagt viktig å ha utgreidd fleire sider av saka. Dessutan er det jo ikkje slik at vi som kommune kan begynne å forhandle med eit anna helseføretak. Det er i så fall ei sak vi må ta opp med Helse Vest og departementet. Vik kommune har forresten prøvd, utan å lukkast.
Eg trur det beste og klokaste vi kan gjere er å bahandle saka på ein ryddig måte. Bruke nødvendig tid og verkeleg finne ut kva folk i Gulen vil tene på. Det er f.eks viktig for meg å vite kva som skjer med ambulansetenesta viss vi skulle flytte over til Helse Bergen. Det er kanskje største tryggleiksfaktoren, i tillegg til at det er lokale arbeidsplassar. Vil Helse Bergen kome ut i kommunane med ambulante team, slik Helse Førde gjer? Kva betyr det i fht. vidareutdanning og rekruttering?
Eg såg til mi store undring at leiaren i HOM uttalte i Nordhordland at Helse Førde ikkje var komne så langt som Helse Bergen med samarbeid med kommunane. Eg veit ikkje kor han har det frå. Men det er i alle fall blank løgn. Helse Førde blir i alle samanhengar trekt fram som godt døme på samarbeid mellom kommunane og helseforetaket. Alle kommunar har underskrive rammeavtale og fagavtalar for lengst. Det er dette arbeidet Haraldsplass og Nordhordland no er i gang med.

Men altså; det viktigaste for meg er gode helsetenester til alle innbyggarane i Gulen. Og det valet kan ein ikkje ta ut frå følelsar, enkeltepisodar eller berre eit ønskje om å kome til Bergen.

9. juni 2010

Fylkestinget

Reiselivsplanen er omfattande. Eit samarbeid mellom næringa og fylkeskommunen. KrF syns det er viktig å få betre statestikkgrunnlag. Slik det er no fangar ikkje statestikken opp td småbåtturisme eller dei minste overnattingstilboda. KrF fekk fleirtal for at fylket skal ta eit ansvar for å få på plass denne statestikken.
Norunn Lund Furnes, KrF, var saksordførar for saka om Tusenårsstaden Gulatinget. Fylkestinget var samrøystes om romprogram. Så no er det klart for arkitektkonkurranse. På mandag reiser fylkesordføraren, prosjektleiaren og eg til Oslo for å diskutere korleis vi skal vere ein del av Grunnlovsjubileet.
Eg stilte spørsmål om språket i saksframstillingane og vedlegga. Språk er makt! KrF vil ha det enkelt og godt. Gjerne kort og presist. Trur dei fleste var samde, og kjente seg att i at bunkane med sakspapir er tunge på meir enn ein måte.
Det vart fleirtal for å vere med i prøveprosjektet "treningsruter for born", men Ap, SV, Sp og H ville ikkje løyve pengar før i budsjettet til hausten, så då skjer det no ikkje noko i år i alle fall. Derimot var alle samde om å utvide "Trygt heim for ein 50-lapp"