27. juni 2010

Statkraft er ingen regional utviklar

Gulen kommune er ein (liten) eigar av BKK. BKK er eit sterkt regionalt kraftselskap eigd av kommunar og Statkraft (49,9%)
I min naivitet trudde eg, då Statkraft kom inn som eigar, at det var bra. For Statkraft var eigd av staten, og staten ville utvikling i distrikta. Men eg har fått eit anna syn på denne statsbedrifta. Noko meir kapitalistisk skal ein leite langt etter. Dei har kjempa i mot alt som er av lokal og regional utvikling i BKK-regi. Tidvis vert dei hjelpt av den største eigarkommunen; Bergen. Td. ved å svekke eigenkapitalen i selskapet for at byrådet skal kunne kutte eigedomsskatten for bergensarane. Det er ei skam!
Men Statkraft er ingen strategisk eigar med tanke på regional utvikling. Dessutan balanserer dei på ein knivsegg i fht Konkurransetilsynet. Slik at skal dei kjøpe seg opp ein stad, må dei selje seg ut ein annan. Dette spreier seg vidare inn i kva BKK kan gjere av kjøp.
Statkraft ønskjer seg ut av BKK. Og det bør dei få lov til. Det er kanskje vanskeleg å finne kjøparar, for dei andre eigarane vil ikkje gje frå seg styringa med selskapet. Og då spørs det om Statkraft syns dei får nok betalt.
Professor med NTNU, Leif Lia, har i DN fredag 25.06.10 eit forslag som Trond Giske bør merke seg. Han foreslår at staten opprettar eit fond og kjøper ut Statkraft, og slik let Statkraft utvikle seg utanlands. Samstundes vil dei regionale kraftverka kunne få att oppgåva si med også å vere ein regional utviklar. Forutsetningen er sjølvsagt at det nye statlege fondet har lov å ta distriktspolitiske omsyn. Elles er vi nesten like langt.
Utbygginga av vasskrafta skal kome innbyggarane til gode. Og då særleg i dei områda der fossane er lagde i røyr.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar