13. juni 2010

helsesamarbeid sør eller nord?

For Gulen er det alltid eit spørsmål om kven vi skal samarbeide med. Skal vi samarbeide med Nordhordland eller med kommunane i eige fylke? Til no har vi gjort begge deler. Og eg vil påstå at vi har gjort det med stor forteneste og til beste for innbyggarane.
Men i stadig fleire saker så virkar det som om kommunestyre-representantar ønskjer at kommunen skal velje berre ein samarbeidspart. Og då helst sørover.
Det er krevande å samarbeide to vegar. Det krev meir møter, meir administrasjon. Gulen er td. med i to regionråd. Men det gir også store gevinstar i form av å ha mange å spele på. Sogn og Fjordane fylkeskommune har strekt seg langt for å få til utvikling i Gulen dei seinare åra. Fastlandsforbindelsen til øyane er ein del av det. Det same er Dingja-vegen, kabelferja til Hisarøy og Gulatingstaden. For ikkje å snakke om Sogn og Fjordane sin innsats for industriområdet i Sløvåg og vidareføring av eigarskap i eit nytt GMU. Eg tør påstå at her har dei hatt ein betydeleg større rolle enn Hordaland fylkeskommune, som samarbeidspart Masfjorden, tilhøyrer.
Men så kjem spørsmålet om helse, legevakt og samhandlingreform opp. Gulen kommune har vedteke å prøve å få vere med i Nordhordland legevakt. Det nærmar seg to år sidan vi søkte, eit år sidan vi bestemte retning, og endå veit vi ikkje noko om dei vil ha oss og til kva kostnad. Tidlegast i september vil saka kome opp i Regionrådet Nordhordland. Det er jammen godt at legane våre står på endå i tredelt vakt.
Vi har også sagt at vi er med på utgreiingssamarbeidet saman med Nordhordland i samband med samhandlingsreformen, sjølv om det kan vere litt meir utfordrande sidan vi høyrer til Helse Førde, og har Førde som lokalsjukehus. Vi har så langt også signalisert at vi er med på ein søknad i lag med Ytre Sogn og Sunnfjord om prosjektmidlar til å utgreie samhandlingsreformen. Kostnaden med det er ca. 15000,-.Men då seier Hovedutvalet for omsorg nei. Dei tilrår at vi konsentrerer oss berre om samarbeidet med Nordhordland. Dei vil at kommunen skal gå i forhandlingar med Helse Bergen og Haraldsplass om å få endre tilhøyre til Helse Bergen og ha Haraldsplass som lokalsjukehus.
Formannskapet har tidlegare slutta seg til mitt forslag om at dette er ein stor debatt som vi skal ta til hausten. Det er viktig å legge fakta til grunn i ei sak som betyr så mykje for folk. Og det er sjølvsagt viktig å ha utgreidd fleire sider av saka. Dessutan er det jo ikkje slik at vi som kommune kan begynne å forhandle med eit anna helseføretak. Det er i så fall ei sak vi må ta opp med Helse Vest og departementet. Vik kommune har forresten prøvd, utan å lukkast.
Eg trur det beste og klokaste vi kan gjere er å bahandle saka på ein ryddig måte. Bruke nødvendig tid og verkeleg finne ut kva folk i Gulen vil tene på. Det er f.eks viktig for meg å vite kva som skjer med ambulansetenesta viss vi skulle flytte over til Helse Bergen. Det er kanskje største tryggleiksfaktoren, i tillegg til at det er lokale arbeidsplassar. Vil Helse Bergen kome ut i kommunane med ambulante team, slik Helse Førde gjer? Kva betyr det i fht. vidareutdanning og rekruttering?
Eg såg til mi store undring at leiaren i HOM uttalte i Nordhordland at Helse Førde ikkje var komne så langt som Helse Bergen med samarbeid med kommunane. Eg veit ikkje kor han har det frå. Men det er i alle fall blank løgn. Helse Førde blir i alle samanhengar trekt fram som godt døme på samarbeid mellom kommunane og helseforetaket. Alle kommunar har underskrive rammeavtale og fagavtalar for lengst. Det er dette arbeidet Haraldsplass og Nordhordland no er i gang med.

Men altså; det viktigaste for meg er gode helsetenester til alle innbyggarane i Gulen. Og det valet kan ein ikkje ta ut frå følelsar, enkeltepisodar eller berre eit ønskje om å kome til Bergen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar