5. september 2013

Heimane trumfar!


Ein god barndom varer heile livet! Derfor er familiepolitikken avgjerande viktig for kva samfunn vi vil ha. Å skape ei trygg ramme rundt oppveksten til borna er ønsket til dei alle foreldre. Born og foreldre er ulike, derfor må samfunnet legge til rette for ulike val. Om det er barnehage frå barnet er 1 år eller at mor / far kan vere heime lenger, er det familien som skal bestemme. KrF vil gjere valet økonomisk mogeleg , også for dei som ikkje tener svært mykje. Derfor vil vi gjeninnføre kontantstøtta for 2-åringar. KrF vil også utvide foreldrepermisjonen med 9 veker som kan takast fleksibelt ut, fram til barnet er 10 år. Det vil hjelpe deg med alle planleggingsdagar og td gje familiar litt meir felles ferie.

Skilsmisser er som regel ei vanskeleg tid, særleg for borna. KrF vil satse på meir samlivskurs og hjelp for dei (slik vi alle til tider gjer) som strevar med samlivet. Frode Thuen, professor, let det ikkje vere tvil om samanhengar mellom den utviklinga som har vore i familiepolitikken og den utviklinga vi har med auke av psykiske vanskar hos unge. Same funna kan lesast ut av forskinga til Hans-Johan Breidablikk, der  risikoadferd/dårleg helse aukar når ungdomane har skilte foreldre.

Om dette er berre delvis rett, så er det uansett eit kjempeviktig område å sette inn samfunnet sine førebyggande krefter!

Også for eit velfungerande arbeidsliv er familiepolitikken viktig. «Alle» arbeidsgjevarar veit at heimesituasjonen påverkar arbeidsinnsatsen. Vi er jo menneske, og ikkje maskiner!

KrF lovar å stå opp for familiane. Viss du meiner det er viktig, så ber vi om stemma di ved valet! I saka om familiane er valet verkeleg eit retningsval!

1. september 2013

KrF og politiet

KrF vil følgje opp målet om to polititenestemenn per 1000 innbyggarar innan 2020. Politiet treng også eit løft på utstyrssida. Ikkje minst gjeld det IKT-systema, men også når det gjeld bilar og anna politiutstyr, finst det i dag for mykje utdatert og gamalt materiell.

Politidistrikt og struktur er mykje omdiskutert. Eg vil sjølvsagt, dersom eg vert stortingsrepresentant, kjempe for den ordninga som gjev fylket vårt beste tenesta. Eg meiner det er å vere eige politidistrikt, fordi nærverande leiing er viktig i dei vidare prosessane som vil kome. Heimkommunen min, Gulen, tilhøyrer Bergen politidistrikt. Lærdomen av det er at Bergen argumenterer med sine store behov, og at politimeisteren flyttar ressursar frå distrikt til by.

Det viktigaste er å ha tilgjengeleg politi, både for beredskapsomsyn, utrykking og for førebygging. Synleg politi har ein klar førebyggande effekt. KrF har programfesta at politi- og lensmannsetaten skal vere desentralisert og framleis vere eit nær-politi.