31. januar 2013

Ny i Norge-ei utfordring

Dette er ei kvardagshistorie. Eg jobbar i kyrkja, og vi har tilsett ny organist. Han er frå Ungarn. Eit EØS-land, og då skal jo alt vere enkelt.
Tirsdag henta eg organisten på Flesland. Veldig kjekt. Eg hadde tidlegare trudd at vi kunne svippe innom SkattVest i Bergen samme dag for registrering, slik at han kunne få personnummer. Det treng han for å få løn, for å opprette bankkonto. Ja, stort sett alt i det norske samfunnet treng du personnummer for.
Men nei, så enkelt er det ikkje. Først må han på det lokale politikontoret for ei registrering. Så vi reiser heim til Gulen. Heldigvis er det enno politikontor (tre dagar i veka) i Gulen. Og ho vi møter der hjelper oss på ein svært god måte. Ho har god kompetanse. Men staten har funne ut at det er for dårleg kompetanse på folkeregisterkontora deira, så dei har sentralisert personnummer-tildeling til nokre få kontor. For organisten vår betyr det ein tur til Førde eller Bergen. Det bli Bergen, for han har ikkje bil endå, og for kollektivreisandet høver båten til Bergen best. Men med å gjere dette har staten pålagt vår "nye landsmann" ei utgift på kr.640,- i transport og ein heil arbeidsdag. Det kunne han spart viss han kunne tatt dette besøket før politiet, eller politiet hadde samlokalisert litt kompetanse på dei skattekontora der dei skal tilby personnummer-tenester.
Eg som arbeidsgjevar, må bruke mykje tid på å hjelpe gjennom systemet. Og eg blir kjempefrustrert over ei "enkel" nettside som skal fortelje meg det eg treng å vite. Eg er ikkje spesielt dum, men syns det er vanskeleg å finne ut av dette. Endå meir frustrert blir eg av å vite at kompetansen sitt på nabokontoret. Men bak låst dør. For SkattVest har i sin visdom bestemt at ho ikkje får hjelpe folk, ikkje ein gong svare på spørsmål!!! Eg ringer. Dama som svarer sitt i Kristiansand, og lurer på om Gulen ligg i Trøndelag. Greit nok. Når eg får fortalt at det er Bergen eller Førde som gjeld, så rettleier ho på ein fin måte om kva organisten treng å ta med av papir for å møte kontoret.
Punkt 1. Norge har bruk for både arbeidskraft og innbyggarar. Staten bør ta dette ansvaret. No sentraliserer og effektiviserer dei, og puttar ansvar og kostnader over på privatpersonar, næringsliv og kommunar.
Punkt 2. Alle kommunar har service-kontor. Staten bør opprette ei heil stilling i alle kommunar der dei har "effektivisert" seg vekk, som kan vere ein service-hjelpar inn i systemet. Det hadde vore godt for mange, ikkje berre nye innvandrarar.

Vel. I morgon reiser organisten til Bergen. Det går ikkje å bestille time på SkattVest, så eg håpar saka hans blir behandla så han når båten heimatt. Og så håpar eg at det går fort å få personnummer, slik at han kan få lønna si og kome i gang på ein grei måte som ein velkomen arbeidstakar i Norge.

20. januar 2013

Sjukeheimen i Gulen driv effektivt

Fleirtalet i Gulen kommunestyre har vedteke å ta ei innsparing innanfor helse- og omsorgstenesta på 1,9 millionar i årleg driftsutgift. Det gjer dei for å finansiere oppretting av nattevaktstillingar ved Brekke og Byrknes bu- og omsorgssenter / soner.
At det er ønskeleg med fleire nattevakter er klart. Frå kommunen sine fagfolk vert det peika på at det er mest behov for denne auken knytt til sjukeheimen. Etter framlegg frå KrF så skal kommunestyret få ei utgreiing om det, fordi budsjettsaka opplyste om fleire meldte avvik ved Gulen sjukeheim.
NHO og KS har hatt ei undersøking om kva kommunar som har noko å hente økonomisk på å effektivisere sjukeheimane sine. http://www.kommunal-rapport.no/artikkel/sjekk_hvor_mange_sykehjems_plasser_din_kommune_har_rad_til
Gulen kommune er ikkje på den lista. Dvs at Gulen sjukeheim driv effektivt, slik administrasjonen melder tilbake til politikarane. Kva har det seg at kommunestyret i Gulen ikkje trur på administrasjonen sin i denne saka?
Spørsmålet, som burde vore svara på i budsjettsaka i kommunestyret, er kvar fleirtalet frå Sp og H skal finne inndekking til å finansiere nattevaktene. Kva tilbod innanfor omsorg skal kuttast? Og kva tilbod skal ikkje settast i gang?
Eg vil tru det er fleire enn meg som lurer på dette.

5. januar 2013

Kutlur

Siste veka har kultur vore det store debattemnet. Eller skal eg seie norsk kultur.. Kulturjournalist Hustad i Dag og Tid starta ballet med krav om at kulturminister Hadia Tadjik skulle definer kva kultur er. FrP sin Tybring-Gjedde heiv seg straks på, fordi han såg ein sjanse til å få opp noko negativt om innvandrarar i kjølvatnet. Tadjik har gode svar. Langt betre enn statsrådskollega Inga Marte Torkildsen i Klassekampen.

Min første refleksjon, utan å gå djupt inn i debatten, er at busettinga i dette landet er ein viktig del av norsk kultur. Og busettinga er sterkt påverka og avhengig av at vi framleis har ein landbrukspolitikk som gjer at vi har levande bygder i alle deler av landet. Litt rart at FrP ikkje ser, eller bryr seg om, denne openberre koplinga når dei ivrar for norsk kultur. "All kultur er dyrken, først og fremst av jord.." heiter det i songen. I staden er det vel ingen som ivrar så mykje for å bli kvitt tollvern, og å legge til rette for at matvarer dyrka under andre geografiske forhold eller (manglande) politiske reguleringar, skal få øydelegge inntekta i norsk landbruk.

Det andre er ein heftig debatt eg hadde på Twitter med blandt andre Anne Viken. Det galdt konfirmasjonsundervisning i skuletida. Ho, og fleire med henne, er opprørt over at kommunane nyttar skjønnet som ligg i kyrkjelova (§36) til å bestemme lokalt om konfirmantundervisninga skal vere i skuletida.
For det første; eg syns sjølv at det er store fordeler med at kyrkja ikkje legg konfirmasjonsundervsninga til skuletida. Og det er i alle fall viktig at dei elevane som ikkje har denne typen undervisning får eit godt tilbod om anna undervisning. Men viss foreldra ønskjer det, det lokale soknerådet ønskjer det, og kommunestyret syns dette er ei god ordning, så kan eg ikkje skjøne kvifor dei ikkje skal kunne gjere det.
Det er ingen tvil om at Den norske kyrkja har ei særstilling i Norge. Det er heller ingen tvil om at kulturelt sett så har kyrkja betydd utruleg mykje, og at ho framleis gjer det. Utan kyrkja og ma konfirmasjonsundervisninga, hadde det gått endå lenger tid før analfabetismen vart borte i Norge.
Kristendomen er ein viktig del av norsk kultur. Vi finn han i nesten alle typar kulturelle uttrykk, og utan ein viss kunnskap blir vi fattige på verktøy for å skjøne.
Sjølv om den ovannemnde debatten for meg handla om lokaldemokrati, og at dette er saker vi kan avgjere lokalt, så ser eg at argumenta til dei andre ikkje var på det stillet. Tvert om, endåtil svorne lokaldemokrati-folk ropar på staten når lokale vedtak om konfundervisning går "feil veg".

Eg skulle derimot gjerne sett at ein innanfor RLE-faget hadde endå meir undervisning om kristendom, nettopp fordi det er ein viktig nøkkel for å forstå kulturen vår.