11. august 2010

Oppskrift for "drop outs"?

Kunne du tenkt deg å flytte kvart år? Bryte opp vennskap, vanar og miljø?
Nokre ungdomar i den vidaregåande skulen må det.
Ungdom i alderen 16 til 19 år er i ei brytingstid. Det er ei viktig og utfordrande tid for dei fleste. Vennskap for livet blir til, viktige erfaringar blir gjort. Likevel er søkesystemet for vidaregåande skule slik at du må søke på skulen kvart år. Og du må konkurrere på karakterar for å kome inn. Enkelte opplever derfor at elevar frå andre skular kjem før dei i køen , og at dei med dårlegast karakterar dermed må flytte skule mot sin vilje.
Det treng ikkje vere svake elevar det er snakk om, men det er nærliggande å tru at det ikkje er dei mest ressursterke, eller såkalla skuleflinke, som må flytte.
I tillegg til oppbrotne vennskap og miljø, så kjem det også at du må skifte fagfolka rundt deg. Dei som kjenner deg, vert erstatta av nye som skal lære deg og din situasjon å kjenne. Og som elev skal du få tillit til nye vaksen- og fagpersonar.

KrF tek opp denne saka, både med eigen fylkeskommune og med Dagrunn Eriksen som er KrF sitt medlem i undervisningskomiteen på Stortinget. Vi vil ha tilbake ordninga som var slik at du søkte på grunnkurset, så på vg1 og vg2 samla. Dei private skulane har ei anna ordning; Der er ein sikra plass vidare viss ein står på eksamen.

KrF er oppteken av å rydde vekk grunnar for at folk droppar ut av vidaregåande. Dette kan vere eit hinder. Kanskje gjeld det ikkje mange i kvart kull, men desto enklare må det vere å få gjort noko med det.

8. august 2010

Dialog

Regjeringa ønskjer dialog om mastene i Hardanger. Men dei skal ikkje snu i saka, seier statsråden uten departement.
For det første; Kvifor tok ikkje regjeringa seg tid til dialog før dei gjorde vedtak? Er dei eigentleg einige med professor Neumann at det berre er små sutre-samfunn på Vestlandet som ikkje visste sitt eige beste. Og at dei ville stilne når vedtaket var gjort? Då har Stanghelle rett i at Ap-leiinga ikkje skjønar Vestlandet.
For det andre: Sp som i alle samanhenger held fram lokaldemokratiet, og at alt vit ikkje er samla på ein stad. I denne saka har dei medvite gått på tvers av ein av sine eigne viktige verdiar. Dei har ikkje lytta til eigne lokalpolitikarar. Eller dei har trudd at Hardanger og Sogn og Fjordane var like. Men i Sogn og Fjordane står grunneigarar utan nett til gardskraftverk. Derfor er motstanden mindre.
For det tredje: Før siste val lova regjeringa å heva ubåten ved Fedje. Det har dei ikkje gjort, og vestlendingen kjenner seg narra.
Og kvar er SV? Ja til sivil ulydnad, men taburettane er mykje viktigare enn monstermastene??

Så no, etter at vedtak er gjort, og meiningsmålingane rasar, så er det tid for dialog. Willoch seier at det Ap går etter no er kamuflasje av retretten. Spørsmålet er om skaden for partiet allereie er skjedd.
Men i Hardanger er enno ikkje anleggsarbeidet byrja. (Bortsett frå på brua, då...)

3. august 2010

Ap har "ideologiske handjern"

I eit friskt debattinnlegg tek AUF-leiaren i Sogn og Fjordane opp at ein bør vurdere å gje heroin som medisin til hardt belasta brukarar. Dette er ein aktuell diskusjon, og Stoltenberg-utvalet opnar for det. Men det er også sterke faglege grunnar til å ikkje gå inn for det. AUF ber folk ikkje gå imot dette som ein reaksjon av ein "KrF-mentalitet der moralske handjern hindrar deg i å hjelpe". Det er sterke og usaklege ord, og eg utfordrar Vereide til å kome med konkrete døme der KrF nektar å hjelpe. Kan hende hjelpa har ei anna form enn det Ap går inn for. Det skal eg vere med på. Kan hende vil ikkje KrF i dette tilfellet "gje opp" at folk kan bli betre hjelpt og rusfrie på anna måte. Kan hende skal metadon-hjelp (LAR) utvidast. Den hjelpa kan fleire få. Heroinassistert hjelp krev oppmøte på legekontor fleire gongar pr dag. Ei sterk innvending mot denne hjelpa er at ho berre vil gjelde for eit fåtal, fordi den rusavhengige rett og slett ikkje klarer å følgje opp. Det viser erfaringar frå andre land. Vi har gåande ein prioriteringsdebatt innan helsevesenet. Bør ein ikkje også i behandlinga av rus velje behandlingsformer som hjelper flest mogeleg, og som ein har erfaring frå at virkar?

Men eg er heilt einig med AUF-leiaren i (sitat): "At det skal være slike torturomstendigheiter for enkelte i
verdas beste land er ganske ubegripeleg", og då siktar han til manglande rusomsorg og oppfølging. Ja, det er ganske ubegripeleg. For vi har ei fleirtalsregjering som lova å rydde opp i dette, som det første dei gjorde. Det er fem år sidan! I staden brukar dei eit anbudsstysem innanfor rusomsorg som øydelegg gode fagmiljø, rotar til gode behandlingstilbod og gjer at det står ledige plassar som ikkje kjem i bruk sjølv om køen på dei som treng (og ønskjer) hjelp, aukar. Forstå det den som kan. Men kanskje er det fordi Ap har "ideologiske handjern" som nektar dei å hjelpe??