3. august 2010

Ap har "ideologiske handjern"

I eit friskt debattinnlegg tek AUF-leiaren i Sogn og Fjordane opp at ein bør vurdere å gje heroin som medisin til hardt belasta brukarar. Dette er ein aktuell diskusjon, og Stoltenberg-utvalet opnar for det. Men det er også sterke faglege grunnar til å ikkje gå inn for det. AUF ber folk ikkje gå imot dette som ein reaksjon av ein "KrF-mentalitet der moralske handjern hindrar deg i å hjelpe". Det er sterke og usaklege ord, og eg utfordrar Vereide til å kome med konkrete døme der KrF nektar å hjelpe. Kan hende hjelpa har ei anna form enn det Ap går inn for. Det skal eg vere med på. Kan hende vil ikkje KrF i dette tilfellet "gje opp" at folk kan bli betre hjelpt og rusfrie på anna måte. Kan hende skal metadon-hjelp (LAR) utvidast. Den hjelpa kan fleire få. Heroinassistert hjelp krev oppmøte på legekontor fleire gongar pr dag. Ei sterk innvending mot denne hjelpa er at ho berre vil gjelde for eit fåtal, fordi den rusavhengige rett og slett ikkje klarer å følgje opp. Det viser erfaringar frå andre land. Vi har gåande ein prioriteringsdebatt innan helsevesenet. Bør ein ikkje også i behandlinga av rus velje behandlingsformer som hjelper flest mogeleg, og som ein har erfaring frå at virkar?

Men eg er heilt einig med AUF-leiaren i (sitat): "At det skal være slike torturomstendigheiter for enkelte i
verdas beste land er ganske ubegripeleg", og då siktar han til manglande rusomsorg og oppfølging. Ja, det er ganske ubegripeleg. For vi har ei fleirtalsregjering som lova å rydde opp i dette, som det første dei gjorde. Det er fem år sidan! I staden brukar dei eit anbudsstysem innanfor rusomsorg som øydelegg gode fagmiljø, rotar til gode behandlingstilbod og gjer at det står ledige plassar som ikkje kjem i bruk sjølv om køen på dei som treng (og ønskjer) hjelp, aukar. Forstå det den som kan. Men kanskje er det fordi Ap har "ideologiske handjern" som nektar dei å hjelpe??

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar