11. august 2010

Oppskrift for "drop outs"?

Kunne du tenkt deg å flytte kvart år? Bryte opp vennskap, vanar og miljø?
Nokre ungdomar i den vidaregåande skulen må det.
Ungdom i alderen 16 til 19 år er i ei brytingstid. Det er ei viktig og utfordrande tid for dei fleste. Vennskap for livet blir til, viktige erfaringar blir gjort. Likevel er søkesystemet for vidaregåande skule slik at du må søke på skulen kvart år. Og du må konkurrere på karakterar for å kome inn. Enkelte opplever derfor at elevar frå andre skular kjem før dei i køen , og at dei med dårlegast karakterar dermed må flytte skule mot sin vilje.
Det treng ikkje vere svake elevar det er snakk om, men det er nærliggande å tru at det ikkje er dei mest ressursterke, eller såkalla skuleflinke, som må flytte.
I tillegg til oppbrotne vennskap og miljø, så kjem det også at du må skifte fagfolka rundt deg. Dei som kjenner deg, vert erstatta av nye som skal lære deg og din situasjon å kjenne. Og som elev skal du få tillit til nye vaksen- og fagpersonar.

KrF tek opp denne saka, både med eigen fylkeskommune og med Dagrunn Eriksen som er KrF sitt medlem i undervisningskomiteen på Stortinget. Vi vil ha tilbake ordninga som var slik at du søkte på grunnkurset, så på vg1 og vg2 samla. Dei private skulane har ei anna ordning; Der er ein sikra plass vidare viss ein står på eksamen.

KrF er oppteken av å rydde vekk grunnar for at folk droppar ut av vidaregåande. Dette kan vere eit hinder. Kanskje gjeld det ikkje mange i kvart kull, men desto enklare må det vere å få gjort noko med det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar