31. mars 2014

Akademiske pingler? Frå 2010, men aktuell?

Akademikarane ropar på kommunesamanslåing, og det er dei slett ikkje åleine om. Dei får full støtte frå ma. nestleiaren i Høgre, Jan Tore Sanner. Argumentasjonen er langt frå ny. Den er at det er vanskeleg å få nok fagfolk i små komuneadministrasjonar. Sanner utvidar det til også å gjelde skular, barnehagar og sjukeheimar. Og det er då galskapen i argumentasjonen bør gå opp for alle. For desse typen jobbar kan ikkje sentraliserast vekk ved kommunesamanslåing. Desse daglege velferdstenestene må nødvendigvis vere i nærleiken til der folk bur. Det er grenser for kor lang skuleveg ein 6-åring kan ha!

Er det noko i utdanningssystemet vårt som bygger opp under det at fagfolk må jobbe mange i lag? Er det lagt for lite opp til sjølvtillit og tru på eigne kunnskapar i utdanningssystemet, og for mykje på at løysingar må diskuterast seg fram til? Eg skjønar at det er viktig med fagleg utvikling og diskusjon. Men viss det interne på jobben blir det viktigaste og ikkje det ein skal løyse for brukaren, så blir resultatet fort både dyrt og dårleg. Eg utfordrar difor dei som måtte vere i posisjon til det å dette etter i saumane. Særleg i det offentlege, fordi dei har eit særleg krav om å drive effektivt til beste for oss alle. Pengar er ein knapp ressurs, men tal arbeidstakarar er på sikt endå knappare.

Eg trur også det blir heilt feil når Akademikarane tar utgangspunkt i berre innbyggartal når dei tenkjer kommunestorleik. Det er nemleg noko som heiter geografi. Og det må takast omsyn til, med mindre ein meiner at folk bør flytte til sentra for å ha rett på tenester.
Og til sist, eg er heilt samd med kommunalministeren når ho minner om at det faktisk er svært mykje god kompetanse i kommunane. Det kan til tider vere vanskeleg å få gode nok søkarar til spesielle jobbar, men det er nok ikkje eit særsyn for små kommunar.


Kommunenorge er mangfaldig. Det er ikkje EI løysing som er rett overalt. Samanslåing kan passe ein plass, samarbeid ein annan. Men skal vi kunne velje å bu der vi vil, så må offentlege tenester og dei som utfører dei, også kunne vere desentrale. Det er fullt mogleg å få til gode faglege nettverk utan å ha kontor i same bygg.

25. mars 2014

Diskvalifiserande tru?

Norge er eit sekularisert samfunn. Vi likar å kalle Norge for eit kristent land, eller å seie at vi har ein kristen kulturarv. Det siste er i alle fall rett. I store deler av landet blir framleis nesten alle born døypt og konfirmert, sjølv om talet totalt sett går ned. Det er ikkje så rart, sett i høve til at vi får mange nye landsmenn som høyrer til andre religionar.

I dag skriv Vårt Land om Speidar-rørsla som skal diskutere om dei skal kutte Gud ut av speidarlov og -lovnad. På radioen spurde journalisten om ein ikkje burde gjere det, fordi det ikkje var inkluderande mot "ikkje-truande" å halde fast på trusaspektet. Speiding og naturliv er moro. Men det er altså eit tiltak for å gje vidare kristne verdiar og tru. Alle er velkomne til å bli med, og det er ikkje krav om tru eller dåp eller noko anna spesielt for å bli med. Men du blir invitert inn i eit tilbod som har ei tydeleg forankring, og som ikkje skjuler at tru er ein viktig del av livet.

I sist kulturutval i fylket skulle vi dele ut tilskot til organisasjonar som driv kulturarbeid. Særleg skulle born og unge tilgodesjåast. Ein av søkarane var KFUK-KFUM. Midt i målgruppa, og søkte tilskot til leiaropplæring og internasjonalisering.
Sp tok då opp spørsmålet om ein burde gje offentlege kulturmidlar til kristne / religiøse organisasjonar. Rett nok presiserte representanten, då ho vart utfordra, at ho tala på eigne vegne, og ikkje partiet. Noko som er litt rart å gjere når ein representerer eit parti, men la gå.
Eg hadde ikkje venta eit slikt spørsmål frå eit parti som har dette i programmet sitt: Senterpartiet mener at kirke, religion og livssyn fortsatt bør være et offentlig anliggende. Vi ønsker å ha en grunnlovsforankret folkekirke. Både staten og kommunene spiller en viktig rolle for å understøtte folks mulighet til å utøve tro og livssyn. Gjennom stat og kommune skal vi sikre at Den norske kirke opprettholdes som landsdekkende kirke med tilstedeværelse der folk bor. Vi vil videreføre en offentlig finansiering av Den norske kirke og andre tros- og livssynssamfunn.


Vel, liv og lære.. Skal kyrkja halde fram å vere landsdekkande, så må ein i alle fall vere med å bruke midlar på frivillig arbeid, leiaropplæring og aktivitetar som handlar om tru. Med mindre ein ønskjer ei kyrkje utan tru. Men kva er vel det??

Men det er mange som tenkjer slik. At alt bør vere verdinøytralt. At alt som har med tru å gjere er privat og personleg. Eg meiner det er feil. Både vi som folk og som samfunn har goder av at vi tar på alvor at folk er samansette av både "ånd og materie", og at materielle goder ikkje kan vere alt.

17. mars 2014

Mobbeombod

Takk til rektor på Hyen skule som tek opp att saka om mobbeombod. På NrK SFj etterlyser ho ein instanså hente råd og hjelp hos, og som kan kome på skulen å snakke med born og foreldre.
KrF har ved fleire høve teke opp dette, fordi vi meiner det er viktig. Og at mobbeombod kan vere ei hjelp til å forhindre mobbing og hjelpe dei som er i denne typen situasjonar.
Seinast i samband med budsjetthandsaminga i Fylkestinget i desember 2012 hadde vi eit framlegg. Vi ba om å få utgreidd å etablere eit mobbeombod i Sogn og Fjordane. Og at det skulle vurderast som eit samarbeid mellom komunane (KS) og fylkeskommunen, slik at samme ombodet skulle dekke både grunnskule og vidaregåande skule.
Framlegget til KrF fekk ei stemme for lite til å bli vedteke! Eg trur det var Ap, SV og FrP som støtta det. KrF har ikkje medlem i opplæringsutvalet, men Ap har lova å følgje det opp der.

KrF meiner mobbing er eit så alvorleg samfunnsproblem, at vi er villige til å prøve mange tiltak for å gjere situasjonen betre. Mobbeombod kan vere eit av dei gode tiltaka.