25. mars 2014

Diskvalifiserande tru?

Norge er eit sekularisert samfunn. Vi likar å kalle Norge for eit kristent land, eller å seie at vi har ein kristen kulturarv. Det siste er i alle fall rett. I store deler av landet blir framleis nesten alle born døypt og konfirmert, sjølv om talet totalt sett går ned. Det er ikkje så rart, sett i høve til at vi får mange nye landsmenn som høyrer til andre religionar.

I dag skriv Vårt Land om Speidar-rørsla som skal diskutere om dei skal kutte Gud ut av speidarlov og -lovnad. På radioen spurde journalisten om ein ikkje burde gjere det, fordi det ikkje var inkluderande mot "ikkje-truande" å halde fast på trusaspektet. Speiding og naturliv er moro. Men det er altså eit tiltak for å gje vidare kristne verdiar og tru. Alle er velkomne til å bli med, og det er ikkje krav om tru eller dåp eller noko anna spesielt for å bli med. Men du blir invitert inn i eit tilbod som har ei tydeleg forankring, og som ikkje skjuler at tru er ein viktig del av livet.

I sist kulturutval i fylket skulle vi dele ut tilskot til organisasjonar som driv kulturarbeid. Særleg skulle born og unge tilgodesjåast. Ein av søkarane var KFUK-KFUM. Midt i målgruppa, og søkte tilskot til leiaropplæring og internasjonalisering.
Sp tok då opp spørsmålet om ein burde gje offentlege kulturmidlar til kristne / religiøse organisasjonar. Rett nok presiserte representanten, då ho vart utfordra, at ho tala på eigne vegne, og ikkje partiet. Noko som er litt rart å gjere når ein representerer eit parti, men la gå.
Eg hadde ikkje venta eit slikt spørsmål frå eit parti som har dette i programmet sitt: Senterpartiet mener at kirke, religion og livssyn fortsatt bør være et offentlig anliggende. Vi ønsker å ha en grunnlovsforankret folkekirke. Både staten og kommunene spiller en viktig rolle for å understøtte folks mulighet til å utøve tro og livssyn. Gjennom stat og kommune skal vi sikre at Den norske kirke opprettholdes som landsdekkende kirke med tilstedeværelse der folk bor. Vi vil videreføre en offentlig finansiering av Den norske kirke og andre tros- og livssynssamfunn.


Vel, liv og lære.. Skal kyrkja halde fram å vere landsdekkande, så må ein i alle fall vere med å bruke midlar på frivillig arbeid, leiaropplæring og aktivitetar som handlar om tru. Med mindre ein ønskjer ei kyrkje utan tru. Men kva er vel det??

Men det er mange som tenkjer slik. At alt bør vere verdinøytralt. At alt som har med tru å gjere er privat og personleg. Eg meiner det er feil. Både vi som folk og som samfunn har goder av at vi tar på alvor at folk er samansette av både "ånd og materie", og at materielle goder ikkje kan vere alt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar