12. oktober 2010

SV utan etikk om abort?

Inga Marte Torkilsen (SV) meiner KrF er hyklerisk som er mot at abortpillen skal bli lettare tilgjengeleg.

For meg var synet på eit menneskeliv, som skapt av Gud og ukrenkeleg frå naturleg unnfanging og ti naturleg død, veldig viktig for val av politisk parti. Dette er ei av dei få sakene der eg meiner det ikkje går an å "forhandle" om. Men fleirtalet på Stortinget har sagt at vi skal ha abort, og at det er kvinna åleine som skal ha ansvaret for ja eller nei til livet. Det KrF kan gjere då, i tillegg til å ta opp att saka ein gong i perioden, er å finne fram til ordningar som gjer det enklare for kvinna til å velje livet for barnet. (For det står sjølvsagt fast for KrF at abort ikkje er rett.) Og det prøver vi på, både med økonomiske og andre ordningar. Td. er det viktig å gjere eingongsstønaden ved fødsel større. KrF foreslår tredobling. Men kva med SV? De er i regjering, og kan vere med å få til denne typen ordningar. Syns de det er greiare å tilby abortpille, og spare dei pengane? Og de meiner andre er hykleriske??

Abortpille vil framleis vere å avbryte eit svangerskap. Eg meiner det er viktig å sikre den gravide rådgjeving. Vi reagerer alle ulikt. Nokon får ikkje trøbbel med avgjerda i det heile, medan andre sitt att med store psykiske vanskar. Samfunnet har eit ansvar for desse oggså. Og ein veit ikkje på førehand kven det gjeld.
Så det er nok meir omsorg for kvinna enn ønskjet om å gjere aborten så vanskeleg som mogeleg, som er beveggrunnen til KrF. Og det er ufint av ein politisk motstandar å kalle det hykling.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar