22. oktober 2010

Verdig eldreomsorg

KrF og V forhandla fram eit forlik med regjeringspartia Ap, SV og Sp om ein "Verdighetsgaranti for eldreomsorga". Det var ein klar premiss i avtalen at kommunane skulle tilførast meir pengar til denne viktige oppgåva.
No har regjeringa svara: Verdighetsgarantien er innført, men det er ikkje med meir ekstrapengar enn den veksten som allereie er lagt inn i budsjettet. For Gulen kommune sitt vedkommande er dette ein vekst på 1,8%, noko som er langt mindre enn løns- og prisvekst, og som derfor betyr kutt.
Dette er LOVNADSBROT frå regjeringa. Noko som også vert sagt frå tidlegare helseminister Bjarne Håkon Hansen som var med og forhandla fram avtalen.

Det er ulike meiningar om kva som er ei verdig eldreomsorg. Her i Gulen er det mange som meiner det er uverdig å flytte folk frå heimane sine, eller bu- og omsorgssentra, når det treng så mykje tilsyn at det også krev nattevakt.
Det er ei sterk oppfatning av at bu- og omsorgssentra er eit heildøgns omsorgstilbod, som ein gammaldags aldersheim, eller ei lettare form for sjukeheim. Slik er det ikkje. Ei leilighet på bu- og omsorgssenter er å sjå på som eigen bustad. Og dei hjelpetenestene ein får der skal det vere vedtak på, nett som om ein bur i "heimehuset". Kva er då vitsen med å flytte på omsorgssenteret, spør nokre. Det kan vere at ein får naboar, og at ein lettare kan delta på sosiale tilstelningar. Men kanskje aller mest at ein får ei tilrettlagt leilighet, med alt på eit golv. For kommunen er det også ein gevinst i at folk som treng relativt mykje besøk frå heimesjukepleia bur litt samla og sentralt. Slik sett er bu- og omsorgssentra til glede både for tenesteytar og mottakar.
Men det betyr ikkje at den som vel å bu i heimen sin skal få mindre tenester av kommunen. Dei har sine rettar etter lova, nett som andre. Eg er derfor litt undrande over organisasjonar og enkeltmenneske sitt sterke engasjement for nattevakt på omsorgssentra og likesæla deira til andre brukarar sine behov. Det er nemleg ikkje alltid slik at dei som til ei kvar tid bur på omsorgssentra er mest omsorgstrengande.
Eg meiner derfor at kommunen må prøve å finne ei form for "nattpatrulje" som kan reise innom til dei som etter fagleg vurdering treng tilsyn på natt, og som ikkje får plass på sjukeheimen. Det vil vere ei ordning som gjev likebehandling, og som vil skape tryggleik for fleire. Og eg trur også det må imøtekome kravet til verdig eldreomsorg også frå dei som hevdar kommunen ikkje har det pr i dag. Det er i alle fall ikkje "verdig" å tilby ulike tenester til innbyggarane, alt etter om dei har fått leige omsorgsbustad eller ikkje.
Også nattpatrulje, eller ambulerande nattevakt, vil koste pengar. KrF har bede om (og fått kommunestyret med på) å få det utgreidd til budsjetthandsaminga. Eg håpar vi finn plass til det i budsjettet. Men eg er på ingen måte sikker. Det hadde i alle fall vore enklare viss Sp, SV og Ap-regjeringa holdt heile avtalen og kom med pengane som skulle til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar