28. november 2010

Må vi velje?

Om ei veke skal "alle" lokalsjukehusforkjemparane samlast til demonstrasjon framfor Stortinget. Eg skjønar at dei er frustrerte. Fordi dei ser for seg situasjonar der minutta tel. Dei veit kva dei har. Og dei kjempar for gode arbeidsplassar.
I kampen for lokalsjukehusa og beredskapen, så er det bilete av den gravide, eller den nyfødde som blir mest brukt. Fordi det rører oss mest. Og kanskje også fordi det har litt kvinnekamp i seg, og slik kan virke mobiliserande. Eg skjønar dette og.

Men korfor er det så lett å sjå mor og baby-biletet, og så vanskeleg å sjå mor og tenårings-biletet? Tenåringen som har fått rusproblem, og den fortvila mora som må konstatere at det ikkje er behandlingsplass?
Det skal ideelt ikkje vere motsetningar mellom dette. Men så lenge det ikkje er midlar til å prioitere begge deler, så er det det. Er fødeavdelinga viktigare enn rusposten? Rusposten på Eid står tom. Er det pengemangel eller anna som gjer det? Det er ikkje fordi det ikkje er trong for han, etter kva eg skjønar.

Eg er einig i at det er regjeringa som har ansvaret for sjukehusa våre, og at det er dei som no må avklare kva som må til for at eit lokalsjukehus skal kallast eit lokalsjukehus. Men viss vi må prioritere, så må vi ikkje gløyme den gruppa som ikkje så lett stiller i demonstrasjonstog. Det kan vere like tøft å vere mor til ein rusavhengig ungdom som mor i barsel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar