17. januar 2010

Skaff meg jobb, så kjem eg

"Skaff meg jobb, så kjem eg". Det er slik eg les kortversjonen av kronikken til Anne Viken (BT 15.01). Ho meiner Heggø (Ap) snur alt på hovudet når ho seier at ungdom må kjenne arbeidsmarknaden og utdanne seg i tråd med det. Det har Viken rett i. Ungdom vel ut frå interesse kva dei trur er spanande utdanning og yrke. Først etter fleire år på universitetet begynner dei å lure på kor dei kan bruke utdanninga. Enten må det bli status, eller veldig godt betalt, å ta dei jobbane som "naturleg" er i fylket vårt, eller så må vi legge til rette for miljø som gjer det mogeleg å få dei attraktive jobbane hit.
Sogn og Fjordane NRK er ein slik arbeidsplass, og opplæringa av nynorsk-journalistar, er eit godt og viktig tiltak. Oppbygginga av eit stort bankmiljø i Førde er eit anna viktig og riktig steg for å gjere fylket attraktivt for ungdom. Vi har "rikeleg" med arbeidsplassar innan helse. Viktig å sette sentralsjukehuset i stand til å vere ein god utdanningsarena for sjukepleiarar og legar. I Leikanger og Sogndal er det mange offentlege, og spennande, arbeidsplassar. Og i Årdal har dei kanskje eit av dei fremste utviklingsmiljøa innan sitt fag i Norge.
Her er altså gjort mykje rett satsing. Så mykje at eg lurer på om vi driv litt vel mykje med sjølvpisking i denne saka? Det vi ikkje kan stille opp med (med unntak av i nokre få sentra?), er det urbane livet. Det må vi godta, og heller styrke det som er vårt eige særpreg.
Det er tydeleg at spørsmålet om nedbetaling av studielån vekker reaksjonar. Eg trur det kan vere eit av mange verkemiddel. Eg trur heller ikkje at det vil sette eit "stakkar-stempel" på oss. I så fall så må ein vel vere mot andre spesialsydde verkemidlar for distriktet? Det har eg så langt ikkje registrert. Men det er flott å få debatten. Å innføre ei ordning som verkar motsett av det som er tenkt, er dumt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar