14. januar 2010

Brennande kyrkjer

DNS og Bjarte Hjelmeland har fått eit problem etter at dei tilsette Black metal-artisten Ghaal. Ikkje fordi han er den han er, men fordi han i eit intervju nærmast oppmodar til brenning av kyrkjer. Det er å oppmode om kriminalitet. Kan han då vere statsløna??
Kva ville DNS gjort viss han oppmoda om å brenne synagogar eller moskear? Eller at han oppmoda til kjønnslemlesting? Eller til ein terroraksjon?

Det er eigentleg ei delikat sak. Eg håpar DNS tek dette veldig alvorleg, og at det får følgjer for engasjementet dersom Ghaal ikkje beklagar uttalane sine. Kor skal ein elles sette grensa neste gong? Og grenser lyt ein faktisk ha.

Hjelmeland er redd for å virke besteborgerlig. Det kan eg skjøne. Men det er ikkje det dette handlar om. Det ville det ha vore viss protestane hadde kome berre fordi Ghaal vart engasjert. Men no er det altså meir enn det.

Men Ghaal har rett i ein ting. Kanskje vil det å brenne kyrkjer virke mot sin hensikt. På stader der dette har skjedd, så har bygdefolk samla seg endå sterkare om kyrkja si, og då kanskje ikkje berre kyrkja som eit hus.
Landet vårt treng den typen brennande kyrkjer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar