22. januar 2010

Kva er det med Anne Viken?

Kvar gong ho startar ein kritisk debatt om stoda i Sogn og Fjordane, så sporar diskusjonen av og blir til ein debatt for eller mot Anne Viken. Er det fordi at ho yppar mot gjengse haldningar til korleis det skal vere i Sogn og Fjordane? Neppe. Det er jo delte meiningar om det, bore fram av ulike folk. Er det kritikken av fylket vårt vi ikkje taklar? Eller er det det friske språket, unyansert skittkasting og språklege negative blomar utdelt i hytt og pine? Og dertil delt ut frå ei som påstår ho veit og kan mykje, og som ser fylket (som ho påstår ho er glad i og vil vel) frå Oslo?
Eg var ikkje på debatten, men eg har lese innlegga til både Viken og Arnestad i etterkant. Eg sluttar meg på ingen måte til dei negative kritikkane som sikkert er meint å vere morosame. Men det er berre sørgeleg når Firda gjer det til hovudsak i staden for det som er tema. Då sporar dei av ein viktig debatt. Og så blir vi andre som har meiningar om utviklinga av fylket og om kva som skal til for å få tilflytting tvinga inn i ein "for eller mot Viken"-leir. Eg lurer på om Firda sitt med eit ope sår etter forrige media-debatt?
Så kanskje spørsmålet bør vere; Kva er det med Firda?

Nei. spørsmålet er nok; Kva er det med Sogn og Fjordane? Viss vi akslar oss til å ta i mot nye innbyggarar, både utflytte, velutdanna, frekke jenter eller dei frå framande kulturar, så treng vi meir toleranse. Meir vilje til å sjå bak fasaden etter det som er motivet.
Det trur eg forresten vil vere med å gje auka tilflytting. Å våge å ta imot andre slik dei er, for det dei er.
Når toleransedebatten raser, så vert ofte KrF peika på med dirrande finger som det minst tolerante partiet, med klagemål om at ein er i mot homofile. (Det er feil, sjølvsagt.) Men det er så deilig å plassere intoleransen ein plass, for då er ein sjølv "fri". I siste vekas debatt er intoleransen plassert hos ma. Firda. Og hos dei som ønskjer å ta dama og ikkje ballen.

Men skjerp deg du og, Anne Viken. Du treng ikkje bruke karikastikkar som ufine personåtak for å få fram poenga dine!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar