9. oktober 2012

Regjeringa sviktar folkekyrkja

Statsbudsjettet er ein real nedtur for kyrkja. Etter stortingsbehandling av forholdet mellom stat-kyrkje, der regjeringa var svært oppteken av å sikre ei "folkekyrkje", så ser vi at det blir med orda.

Alle veit at RLE-faget på skulen ikkje skal innehalde opplæring i tru. Det skal gje kunnskap om ulike religionar, og særleg kristendom. Men det skal ikkje formidle tru, bøn og aktivitetar som bygger opp under trua sitt mysterium. Denne opplæringa har kyrkja fått ansvar for. Men nokon må stå for det arbeidet. Det er starta opp ein trusopplæringsreform, og det er vedteken ein opptrappingsplan. Men den er altså stoppa opp av dei raudgrøne. I 2012 var det "pause", i år er det lagt inn 31,2 mill i vekst. Målet for 2013 var 250 mill, eller 300 mill som det ville utgjort dersom ein tok omsyn til løns- og prisvekst. Vi er langt unna det. Alle sokneråd har laga lokale planar for koleid ein skal få det til. No stoppar arbeidet opp, og ein forventar kanskje at frivillige skal ta heile ansvaret.

Mitt inntrykk er at foreldre flest er bekymra for at borna lærer så lite om kristendom. Den er faktisk ganske viktig for kulturen vår, og dei fleste foreldre som døyper borna sine har ei meining med å gjere det.

IKT-løyvingane til kyrkja er også borte. Når det skal sendast ut invitasjonar f.eks til 4-åringane som får ei bok i kyrkja, så brukar vi eit medlemsregister som ikkje er til å stole på. Vi opplever at langt frå alle døypte står der, og at dei derfor ikkje får invitasjon. Det er ikkje kjekt! Kyrkja treng meir IKT-løyvingar for å få orden på dette.

Til sist, men slett ikkje mindre viktig: Det er bruk for fleire stillingar som prestar, diakonar mm. Arbeidsbelastninga på prestane er stor. Det er ikkje rom for å tilsette fleire og stillingar blir ståande vakante slik vi ser i Vik. I nokre kommunar er arbeidsbyrda stor fordi det er store avstandar i tillegg, andre stader er det mange folk på mindre areal. Utfordringane er ulike, men også innanfor kyrkja er det nokre terskelverdiar som gjer at ikkje alt kan løyvast etter folketalet.
Når det er vakante stillingar, sjukmeldingar eller feriar / avvikling av fri, skal prestane avløyse for kvarandre. Det vil i praksis seie fleire tenester kvar søndag f. eks. Arbeidsbelatninga vert stor, og sjukefråværsspiralen kan lett auke.
Dersom folkekyrkja skal vere lokal og landsdekkande, slik kyrkjeforliket seier, så må det løyvast nok stillingar til at folk kan ta på seg denne typen jobbar.

Kyrkja er viktig for folk. Som plass for tru, som fellesskap, som hjelp, somstad for rituale. Og endå har eg ikkje nemnd kyrkjebygga. Der har regjeringa fjerna dei rentefrie låna som har vore viktig for å kunne ta naudsynte utbetringar på dei mange gamle bygningane som kyrkjene er.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar