26. september 2010

Omsorgssenter for alle

Tidlegare heitte bu- og omsorgssentra i Gulen "eldresenter". Og det var stort sett med tanke på eldre brukarar dei vart bygde. Omsorgssentra våre er ei samling av enkelt-leiligheter. Samstundes er der felles-stove og kjøkken. Namna vart endra fordi det kom fleire brukarar, også yngre, med behov for omsorgsleilighet. Gulen kommune har relativt høg dekning med denne typen leiligheter, og valde derfor å bruke av dei vi hadde framfor å bygge nye.

På Dalsøyra har det vekt harme i bygda at vi vil bruke nokre av leilighetene til brukarar med særskilde behov. Det er også planar om å bygge to nye leiligheter knytt til senteret.
Kommunestyret har gjort vedtak om saka og bruken av leilighetane. Det kom inn fleire brev frå bygda (ma. bygdekvinnelaget og saniteten). Det førte til at formannskapet før sommaren diskuterte saka på nytt, fekk ein ny gjennomgang frå administrasjonen om behovet for leiligheter for brukarar med særskilde behov, og bestemte at ein ikkje skulle ta opp att saka.
Dette var Høgre også med på. Derfor er eg ganske overraska over at dette partiet, ved leiaren i Hovedutval for omsorg, no går ut i media og vil ha saka tatt opp att. Dei hevdar det er komne nye opplysningar i saka. Det er det ikkje. I alle fall ikkje det eg som ordførar kjenner til.

Det NYE i saka er at etter at formannskapet valde å halde fast på tidlegare vedtak (samrøystes inkl. Høgre), så har to brukarar flytta inn. Det er uansvarleg å endre vedtaket no. Vi kan ikkje gjere desse brukarane til kasteballar i eit populistisk oppspel til valkampen, slik det ser ut til at Høgre vil.

Gulen kommune må ha husvære å tilby denne brukargruppa. Vi har vedteke at det tilbodet skal vi gje på Dalsøyra. Ein brukar har fått medhald i at vedkomande skal få bu i eigen bustad og få heildøgns-tenestene sine der. Det må sjølvsagt gjelde det samme for andre. Men for dei som ønskjer å leige leilighet i eit bufellesskap, så må vi ha eit tilbod. Å knyte dette til eit bu- og omsorgssenter vil gje ei fleksibel løysing. For vi kan ikkje forvente at foreldre til små born allereie no kan vite kva tilbod dei ønskjer for borna sine når dei blir større. Også desse brukarane er frie til å flytte mellom kommunar og å gjere eigne val.

Og kva er eigentleg så ille med at Dalsøyra bu- og omsorgssenter vert brukt til fleire enn eldre?
Ein stor gevinst for bebuarane vert i alle fall at det vert nattevakt på bygget. Det vert også frigjort 3 leiligheter i eit hus i nærleiken av bu- og omsorgssenteret. Desse kan også nyttast av mennesker med trong for omsorgsleilighet.

Det er viktig å hugse at bu- og omsorgssentra i utgangspunktet er ei samling av enkle leiligheter. Ikkje ein sjukeheim. Dei som bur her skal, tilliks med dei som bur i heimehuset sitt, ha krav på kommunale tenester i samsvar med enkeltvedtak.

2 kommentarer:

  1. "Vend i tide er, det er ingen skam og snu" - er ein fjellvettregel som også kan nyttast på andre område.
    Det er vanskeleg å forstå at dei bustadane på Dalsøyra som har fungert for brukarar med særskilde behov i årevis ikkje fortsatt kan brukast for denne gruppa.
    Trude Brosvik er ordførar for alle i Gulen kommune, eg ser i ein annan blogg at ordføraren har omsorg for det ufødte liv - det er bra.
    Det er underleg at du ikke viser same omsorg for det fødte liv, og for dei som er eldre. Mi mor på 83 år bur "på vent" eller "på hybel" som ho kallar det, på Dalsøyra bu- og omsorgssenter. Ho får opphald for 3 mnd. i gongen.Ho står på venteliste på eit av dei andre bu-og omsorgssentera i kommunen, noko ho ikkje har søkt om. Det er høgst uverdig at eit menneske på 83år skal forholde seg til eit slikt tilbod. Det forringar hennar livskvalitet mykje.
    Det fører til fortvilelse for dei næraste. År som kunne vore brukt på å finne ro i ein eigen liten bustad, blir eten opp av ein kommune som ikkje ivaretar alle sine innbyggjarar.

    SvarSlett
  2. Hei Helga!
    Lei for at eg svarer så lenge etter. Vi er avhengig av å finne ei god løysing for alle innbyggarane våre, enten dei er unge eller gamle. Dei tre leilighetane nede med vegen vil bli gitt ei opprustning, og kan då brukast også som omsorgsbustader til dei som treng det. Vidare er det planen å bygge på eit par omsorgsleiligheter på bu-og omsorgssenteret, slik at ein beheld fleire bustader for eldre. Men uansett kva vi gjer, så vil omsorgsbustad vere eit "knapphets-gode", og ein må nok pårekne venteliste og kanskje korttidsopphald, før ein får tildelt bustad. Eg trur kanskje Gulen er betre på dette (har større tilbod) enn mange andre kommunar. Men eg skjønar at ein er utolmodig når det gjeld våre eigne næraste. Håpar på ei snarleg løysing, som de vil synest er god.

    SvarSlett