Den nye varaordføraren i Gulen, Arve Mjømen, seier i dag i avisa Nordhordland at eg og nokre få andre har trenert saka med badeland/fleirbrukshall i Steinsvågen. Eg utfordrar han til å forklare kva han meiner med det.
Eg har arbeidd i samsvar med kommunestyret sine fleirtalsvedtak i denne saka. Både når det gjeld prosjektet i Steinsvågen, og når kommunestyret sa nei til å rekne ut kva som skulle til for å ruste oppatt bassenget i Eivindvik.
Skulle eg arbeidd på tvers av vedtaka til kommunestyret? Eg meiner det hadde vore urett og udemokratisk, og langt unna dei etiske prinsippa eg ønskjer å arbeide etter som politikar.
I tillegg ser eg at kostnadane til det Mjømen og Sp (?) skal få til skal dekkast av Gulatinget. Etter mange år i kommunestyret har altså ikkje Mjømen fått med seg at kommunen er inne med ca 200 000,- kr i årlege driftsutgifter til Gulatinget. Ikkje mykje som kan finansierast med det....
17. september 2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar