2. oktober 2011

Når familien trør til

Alle samfunn burde juble over familiar som vil trø til og ta større del av omsorgsoppgåvene. Desse viktige og nødvendige oppgåvene som MÅ gjerast, som ikkje kan utsetjast og som treng varme hjerter, kloke hovud og flinke hender.

 Likevel er det ingen saker som til dei grader får opp adrenalinet i diverse debattar som desse. Og særleg når ein snakkar om kontantstøtta. Ein ideologisk snublestein av dimensjonar. I utgangspunktet fremja for å ujamne skilnader. Kvifor skal samfunnet betale masse pengar når barnet blir passa i ein barnehage, medan det ikkje er verd noko viss far, mor eller andre gjer jobben?

Kontantstøtta vart foreslått av KrF. Er det mistrua til KrF sine mål om meir familiekontakt og mindre tidsklemme som var problemet? Mange brukte biletet av kvinna tilbake til kjøkkenbenken som forklaring på kor gale dette var. Nokre gjer det enno. Og slik vart det forsøksvis gjort til ei anti-kvinnesak å vere for kontantstøtta. Når ordninga likevel vart gjennomført, til dels med suksess, så har angrepsvinkelen endra seg. Ordninga held kvinner utanfor arbeidslivet. Ordninga overfører pengar til private, utan at dei «jobbar» for dei. Og til sist, kronargumentet: Ordninga bidrar til dårleg integrering av innvandrarkvinner og dårleg språkutvikling for innvandrarborn. Og det blir vist til utgreiingar som, slik eg ser det, bygger meir på kjensler enn fakta.

Det viktigaste tiltaket for å redusere kontantstøtte-bruken har vore tilbod om barnehageplass til alle. Og det er eit tiltak sjølv den mest ihuga kontantstøtte-tilhengaren helsar velkomen. For heile vitsen med ordninga er å sikre valfridom. Og den er der ikkje om du ikkje får barnehageplass når det er det du ønskjer. Nokre kommunar undergrev medvite kontantstøtte-ordninga med berre å tilby foreldre full barnehageplass. Om du då ønskjer å bruke tida di på halv jobb og halv eigenomsorg, så har du dermed ikkje rett på kontantstøtte. Desse kommunane bør snarast ordne opp, til beste for dei familiane som vil velje kontantstøtte.

Eg merka meg også at Barneombodet, av alle, var på Twitter og jubla over at kontantstøtta for 2-åringane vart tatt bort. Eg syns det er umusikalsk. Eg trudde Barneombodet heller burde jubla over foreldre som ville bruke meir tid saman med eigne born.

Men no er det ei anna ordning som alle parti i valkampen ville nytte meir pengar på. Nemleg omsorgsløn. Samfunnet treng at vi tek oss meir av gamle mor og far. Men kva er eigentleg den ideologiske skilnaden på ordningane? Kvifor er det rettare å ta nokon ut av arbeidslivet for at dei skal gje omsorg til ein eldre person? Er det samfunnet si innrømming av at vi ikkje klarer å bygge nok sjukeheimsplassar? Eller er det samfunnet sitt ekte engasjement for eldre? I så fall; er det viktigare å la familie ta seg av eldre enn av småborn? Då kjenner eg mistanken mot gammal sosialisme kjem snikande. Borna må tidleg sosialiserast inn i samfunnet, og det kan ikkje overlatast til far og mor. Her må det profesjonelle, og helst verdinøytrale, fagpersonar til.



Eg er for både kontantstøtte og omsorgsløn. Og ber dei som ser ideologiske skilnader på ordningane seie i frå. Begge deler kan heite kontantstøtte eller omsorgsløn. Begge deler handlar om familie-omsorg og tid. Begge deler er (litt) økonomisk godtgjort frivillig arbeid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar