16. oktober 2011

Regjeringa vil framleis ha moms på frivillig arbeid

I valkampen  2009 var moms på frivillig arbeid ei stor sak. For KrF var og er det eit viktig prinsipp at staten ikkje skal tene på at folk engasjerer seg i frivillig arbeid. Frivillig arbeid er svært viktig for eit samfunn, og noko samfunnet bør oppfordre til. Derfor var og er KrF for momsfritak for frivillige organisasjonar, og vi har innført og ønskjer å vidareføre/auke ordninga med skattefritak for gåver til frivillige organisasjonar.
Regjeringa, Ap, SV og Sp, sa dei var for momsfritak for organisasjonar, men innførte det gjennom ei byråkratisk kompensasjonaordning som skulle byggast opp gjennom 5 år. Det skulle gje ca 1 mrd tilbake til frivillig arbeid frå 2014.
Men, og her kjem løftebrotet; i budsjettforslaget for 2012 så er det berre sett av 18,5 millionar til kompensasjonsordninga. Då blir det lenge til ein når målet om ein milliard!
Mitt råd er: Kutt kompensasjonsordninga. La frivillige organisasjonar få føreseielege rammer, og gjev dei reelt momsfritak. Dei er viktige for at samfunnet skal fungere. Dei bør ikkje skattleggast for å bruke fritid og pengar på fellesskapet vårt.
Vi har alle forståing for stramme budsjett i krisetider, men nettopp då er det viktig å ruste opp det frivillige arbeidet!

2 kommentarer:

  1. Bra Trude! Har nett skrive på bloggen om same temaet: Meirverdi - meir verdi!

    SvarSlett
  2. Eg har sett opp reknestykket for søknad om momskompensasjon for fleire organisasjonar, både før og etter 2009. Det er betydeleg forenkla arbeid etter 2009 med dei eg har erfaring med.

    SvarSlett