5. februar 2011

Menneskeverd målt i pengar

Når vi i Sogn og Fjordane drøfta regjeringa sitt høyringsutkast til Nasjonal helse- og omsorgsplan, så er (diverre) nesten all merksemd retta mot fødeavdelingar og akuttkirurgi. Dermed så står vi som politikarar i fare for å oversjå andre store spørsmål. Og det er nett det vi har gjort.
Høyringsutkastet tek for seg samhandlingsreformen, og ma korleis det økonomiske oppgjeret mellom kommune og stat kan bli. På eit av desse punkte er framlegget eigentleg rystande lesning. Og det er om og i tilfelle korleis, kommunane skal betale for pasientar som er innlagt i sjukehus. Regjeringa foreslår to modellar. Den eine er at kommunane skal betale 20% av det det kostar å ha ein person over 80 år på sjukehus. Alternativet er å betale 20% av kostnaden med å ha ein pasient med indremedisinsk diagnose på sjukehus. Begge deler er hårreisande, syns eg.
For det første; det går ikkje an å segregere helsehjelp etter antal år. Ja, eg veit det er legane som skriv inn på sjukehus, og at det er dei som avgjer og ikkje kommuneøkonomien. Men grunnen til at grensa på 80 år er sett, er vel for å gje ein motivasjon til at dette skal kommunane i større grad ordne utan spesialisthelseteneste?
Å dele inn etter diagnose, kan høyrest betre ut, men er i realiteten det samme. Fordi det er mest eldre menneske som blir lagt inn med denne typen diagnosar. (Eg er ikkje fagperson, men vart fortalt dette av fylkeslegen)

Eg syns framlegget frå regjeringa må avvisast. Det er ikkje verdig det synet / verdiane vi ønskjer å bygge samfunnet på. Nemleg at vi alle er like mykje verd som menneske, uavhengig av aldre, kjønn, sjukdom eller kva det måtte vere.

KrF har nett vald "Menneskeverd i sentrum" som slagord. Denne saka viser at det er god grunn til å stå vakt om menneskeverdet!

2 kommentarer:

  1. Heile medfinansieringsmodellen må forkastast. I tillegg til det du skriv i bloggen, kjem konsekvensane for kommuneøkonomien. Det gir ikkje kommunene nok pengar til å kunne gjere noke effektivt, men påfører dei ein enorm økonomisk risiko. Eg ser for megnoke som fort kan bli eit nytt statleg sugerørinn i kommuneøkonomien og hindre utbygging av dei kommunale tilboda det er behov for.

    SvarSlett
  2. Det er eg heilt samd med deg i. Dette kan bli ein katastrofe, sjølv om ein slår saman til giga-kommunar.

    SvarSlett