3. januar 2011

Rektorar gjev foreldra skulda

for at elevane les dårleg. Eg skvatt litt då eg høyrde denne meldinga på NRK i dag. http://www.nrk.no/nyheter/norge/1.7446804 Og vart eigentleg kjempeprovosert. Ikkje mest på rektorane, men på systemet. Eit samfunn som vil at meir og meir av barneåra, oppveksten og sågar fritida skal vere organisert. Politikarar som vil utvide skuledagen endå meir, ha heildagsskule. Ei regjering som gjer alt dei kan for at borna våre skal vere i barnehage frå eittårsalderen og deretter inn i eit rettlinja sosialdemokratisk oppsedingssystem til dei "dett ut" av vidaregåande. Eg blir kjempesint over velmeinande pedagogar og andre som tar frå foreldre trua på at dei er ekspertar på eigne barn. For deretter å peike på forldra som "syndaren" når borna ikkje gjer det så godt som dei burde. Når dei kjem i klammeri med lovens lange arm. Når dei kjem på glatta, får rusproblem eller kva det no måtte vere. Då er det plutseleg heimen som har svikta!
Men korleis i alle dagar skal heimen få den tida og det rommet som han treng for å fungere?? Karriere, økonomi, ALT, er jo forventa å gå før borna. Vi foreldre er ikkje supermenneske.

Men så, heilt nederst i saka, så uttalar Mimi Bjerkestrand; Det er viktig å ikkje gi foreldra meir dårleg samvit. Heller støtte dei i oppgåva si. JA. Slik vil eg ha det. Håp! Men har ikkje ho uttalt at ho vil ha heildagsskulen?? Korleis kan kommunen, som skuleeigar, vere med og hjelpe foreldra til å klare oppgåva si, og til at skule og heim får godt samarbeid?

For når eg hadde fått ut verste frustrasjonen, så trur eg at rektorane har eit poeng også. Det er mange foreldre som abdiserer i forhold til borna sine. Som ikkje tar arbeidet og belastninga det krev med å sette tydelege grenser. Men det treng vi kanskje litt hjelp til? Samlivskurs, nettverksgrupper, foreldrekurs, diskusjonskveldar på skulen med tema som td. grensesetting, alkohol, media/PC/mobil-bruk kan vere hjelp for mange.
Og så trur eg faktisk at forsåsegpåarar i td media eller andre stader, dei hippe og kule, må slutte å få oss som sett grenser til å oppleve oss sjølve som dinosaurar, moralistar eller, som ho sa; endå verre; som KrF-arar.

1 kommentar:

  1. Det blir feil å sei at vi har

    "ei regjering som gjer alt dei kan for at borna våre skal vere i barnehagen frå eittårsalderen."

    Foreldra veljer dette sjølv. Først kom etterspurnaden etter barnehageplassar. Så kom satsinga frå regjeringa.

    Eg er sikker på at samarbeid mellom skule og heim kan bli betre. Kanskje er det slik at mange foreldre har ein så hektisk kvardag at det blir for lite tid til å følgje opp skulearbeidet til borna. Ein ting er sikker, og det er at foreldra er ein svært viktig faktor dersom ungane skal få eit best mogeleg læringsutbytte. Kanskje nokon treng ei lita åtvaring for å forstå dette.

    SvarSlett