14. august 2013

Hybel og stipend

For nokre dagar sidan sa Lånekassen at det vart juksa så mykje med bortebuarstipendet at ein burde vurdere å ta det vekk. Folk budde heime, ga opp at dei budde på hybel, og jukset kosta fellesskapen 70 mill.
For det første: Å jukse er ulovleg. Men vi kan ikkje straffe alle som må bu på hybel fordi nokon juksar. Eg vil tru det er dei som bur nærast ein skule som kan jukse med bortebuarstipendet. Stipendet har du rett på dersom skulen er meir enn 40 km borte og du må bu på hybel. Sjølv om vi vedtok å halde fram med ein svært desentralisert skulestruktur i fylket, så er det nokre som ikkje kan bu heime og gå på vidaregåande skule. Nokon fordi det ikkje går buss- eller båtruter som gjer det mogeleg å pendle.
Vik er ein kommune der alle 16-åringar må flytte på hybel. Ei båtrute kunne gjort det mogeleg å pendle. I Aurland brukar kommunen pengar på ei båtrute som gjer at fleire kan bu heime medan dei går på vgs. KrF fekk fylkestinget med på å sjekke ut om det gjekk an å "veksle inn" bortebuarstipendet til skyss-pengar. Samfunnsøkonomisk ville det vore glimrande! Men Lånekassen sa sjølvsagt nei til det. Dei har sine retningslinjer. Så dette må bli ei politisk sak, skal det skje noko. KrF i Sogn og Fjordane fekk saka inn i KrF sitt program, og kjem vi i regjeringsposisjon, så lovar eg at vi skal gå vidare med å vurdere ei slik ordning.
Eg var i Vik denne veka, og snakka mellom andre med leiaren av NAV-kontoret. Ho ønskjer ei slik ordning svært velkomen. For bortebuing for alle elevar gjev relativt stor utslag av fråfall, var hennar klare tilbakemelding.
KrF vil stå på for desentralisert skule, bortebuarstipend, prøveordning med skyss for stipend, fleire studentbustadar og at studiestøtta skal aukast til 11 mnd i året. Det siste har "alle" lova, men sjølv etter 8 år med fleirtalsregjering så har det ikkje skjedd noko.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar