2. mars 2010

Forbod mot synleg trusekant

Det var visst ein av statane i USA som innførte (eller ville innføre) forbod mot at trusekanten synte, og mot synleg bar mage. Vi lo av det. Særleg toneangivande media og "rettruande" politikarar. Kva hadde vel staten med å blande seg opp i korleis folk gjekk kledde? spurde liberalistane.
No er saka aktuell igjen. Nokon vil forby ein spesiell klesdrakt. Men denne gongen er det hijab og burka, som då dekker for for mykje og som er kvinneundertrykkande. Kva som er mest kvinneundertrykkande av ein moteindustri som krev bar mage og trange bukser eller muslimske heildekkande plagg kan diskuterast. Kanskje har det med kva som ligg bak? Vi har lettare for å sjå livssyn som undertrykkande enn eit kapitalistisk system. Då tek vi feil, etter mi meining. Men eg ser at SV, som seier dei ikkje er kapitalistane sin venn, meiner noko anna..
Det er likevel ei spennande sak, dette rundt forbod av spesielle klede. FrP hoppar galant frå det dei måtte ha av ideologi, og krev forbod. Kva vil FrP gjere i høve andre religiøse uttrykk i det offentlege rom? Er det berre muslimane som skal tuktast, eller har dei ei meining ut over dette?
Og i SV rasar debatten. Leiaren vil prøve med dialog. Kva viss den ikkje fører fram? Ligg forbodslinja klar då? For vi veit jo at SV ikkje kvir seg for å bruke lova for å styre trussamfunna.

KrF er klar på at forbod mot religiøse uttrykk ikkje fører til betre integrering. Og det er vel det som er målet? Alle menneske har åndelege og kulturelle behov i tillegg til dei materielle. Det er ikkje staten si oppgåve å styre alt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar