30. mars 2010

Rettferdige båtruter?

Fylkestinget skal behandle ei sak om båtruter rett over påske. Det er mange øyer og veglause bygder i Sogn og Fjordane. Over tid har det vakse fram eit rutenett som gjev tilbod til dei fleste. Men det er eit ganske ulikt tilbod. Nokon har mange avgangar, andre få, og nokon faktisk ingen. Nokon har tilbod som gjer at ein kan ta med seg bilen. For somme fører båtreisa dei til ein by, for andre er reisa nett begynt når dei kjem til land i eit lite kommunesenter. Og som om ikkje alle desse skilnadane er nok; nokre kommunar betaler ein stor del av tilbodet sjølve, medan andre kommunar får alt gratis. Dette er resultatet av framforhandla avtalar der ein ikkje har sett heilskapleg på tenestene, eller prøvt å ha ein viss grad av likebehandling folk og kommunar i mellom.
Alle høyringsinnstansar er einige om at det bør ein ha. Men der stoggar semja. Ingen vil sjølvsagt få eit dyrare eller dårlegare tilbod enn dagens. Og kvifor skal kysten, dei båtavhengige, betale eigendelar for ei fylkeskommunal ruteteneste? Eg har enno tilgode å sjå at det er tilfelle for bussane som går i fylket..

Går det an å få til eit system som kan opplevast rimeleg og rettferdig?
Fylket prøver med ein tabell som gjev eit bestemt tilbod etter kor mange folk som er på ruta. Det blir rett eit stykke på veg. Men kva med kommunar der veldig stor del av folket bur på øyer? Bør dei kanskje på eit tillegg i botn? Skal avstand til eit større senter bety noko?
Eg meiner det. Vi bør bygge på turar pr person, med botntillegg, slik at små kystkommunar som allereie har store utfordringar, har sjanse til å ha eit ruteopplegg som gjer at folk vert buande.

Dette er ei stor og viktig sak for dei det gjeld. Kanskje skulle ikkje omfordelinga stogga mellom kommunar med båtskyss. Kanskje skulle all samferdsle vore med på denne utjamninga?? I staden gjer vi eigentleg omvendt. Fylket er med og sponsar billegare bussbillettar der det bur masse folk. Det er gode miljøgrunnar for det, men det hjelper ikkje Anna i ØYdemarka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar