25. januar 2014

Klappjakt på anleis-tenkjande

Det er aldri pent å sjå på når majoriteten taktfast og med harde ord og uttrykk dømer dei få "nord og ned". Samfunnet vårt som liksom har toleranse som ein dyd, meiner ingen ting med det ordet. Toleranse gjeld deg berre når du er einig med fleirtalet.
Dette er aktualisert av "reservasjons-legane". Desse som ut frå overbevisning, og for enkelte tru, ikkje vil tilvise til abort. "Det er greit at dei meiner det, men dei får slutte å jobbe som fastlege", er kravet. Og regjeringa sender på høyring eit regelverk som skal gjere spørsmålet om jobb eller ikkje til ei lokalpolitisk valkampsak. Korleis er retten gjennom diverse arbeidmiljølover for desse arbeidstakarane? Spente 4. kvart år på om den faste tilsettinga gjeld??
Er det gammalt og oppsamla hat mot tidlegare tiders moral og dei som sto i spissen for den, som gjev så sterk styrke? Mange ser på saka om reservasjon som ein omkamp om abort-lova. Ikkje ein gong dei ivrigaste abort-motstandarane meiner det.
Men det er klart at det er ugreit at nokon meiner abort er å ta liv. Og vi vil ikkje ha den typen sprøsmål. At nokon skal ha samvit som ikkje er stemt etter stortingsfleirtalet sine lover, er plagsomt.

Vi som meiner samfunnet må strekke seg langt for å gje menneske høve til å opptre i samsvar med samvitet, er sjølvsagt redde for at det veldige engasjementet i denne saka også skal bli gjeldande på andre område. Kva med reservasjonsretten sjukepleiarar og legar har når det gjeld sjølve abortinngrepet? Prinsippielle skilnader er det knapt. Eller kva viss samfunnet ein gong vedtek dødshjelp?

Eg er redd samfunnet er taparen dersom vi ikkje finn løysingar som tek alle grupper ivare, også dei som av ulike grunnar reserverer seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar