Trass i mot det regjeringa seier i festtalar, så vil dei innanfor oppdrettsnæringa gjenomføre tiltak som styrkar dei store oppdrettarane på bekostning av dei mindre.
Vi såg det når dei behandla soneinndelinga. Og no når dei "grøne konsesjonane" skal delast ut, så skjer det samme igjen. (Forskrift for tildeling er på høyring) Rett nok med litt skilnad for Troms og Finnmark. Dei er på ein måte alibiet for distriktsperspektivet.
Litt rart i denne samanhengen, fordi det står om dei grøne konsesjonane at dei skal bidra til eit utviklingsarbeid som reduserer miljøskadene/belastningane. Då burde det logiske vere at desse konsesjonane vart gitt der det var størst poensiale for å redusere miljøbelastninga, og det er ikkje i Troms og Finnmark.
Boda på konsesjonane er venta å verte langt høgre enn utgangsprisen på 10 mill. Det vil gjere det svært krevande for små og mellomstore aktørar utanfor Troms og Finnmark (som har eigen "kvote") til å kjøpe seg opp. I Sogn og Fjordane er 55% av oppdrettsnæringa eigd av små og mellomstore aktørar. Regjeringa si løysing på tildeling vil motarbeide oppdrettsnæringa sin vekst i Sogn og Fjordane. Ordninga vil gjere det vnsklegare for dei drivarane som er lokalt eigde og som pløyer mest tilbake til lokalsamfunnet. Det vil igjen gjere at kystkommunane blir mindre entusiastiske til å sette av areal til oppdrettsnæringa.
7. april 2013
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar