1. november 2011

Lokale drosjer

I Høyanger er det som fleire av oss har frykta skulle skje, skjedd. Helse Førde har gjeve ein drosjeeigar anbudet på pasientkøyringa. Vedkomande er for gammal til å få vanleg persondrosjeløyve. Den som fekk det ordinære drosjeløyvet, har takka nei. Fordi det å drive drosje utan å ha pasientkøyring, ikkje gjev nok inntekter.
Viss ikkje Helse Førde og fylkeskommunen klarer å sjå drosjekøyringa som ein heilskap, som er der for å gje eit tilbod til folk i distrikta, så vert distrikta utan drosjar og særleg eldre mennesker (med tilrettelagt transport og serviceskyss)  skadelidande.
Helse Førde seier at pasientskyss i Sogn og Fjordane er svært dyr (BT i okt.). Dei har pasientreiser ute på anbud. Korleis anbudsregimet kan fungere i eit så spreiddbygd og vidstrekt samfunn som SFj er, er ein annan og uforståeleg historie.
Men det er altså svært viktig for kommunane å behalde eit lokalt drosjetilbod. Det må ulike offentlege instansar ta eit ansvar for, enten dei er drivne som føretak eller direkte folkevald.

1 kommentar:

  1. Eg synes det er urimeleg å kreve at Helse Førde skal ta denne typen samfunnsomsyn. Dessutan vil jo det bety at det blir mindre pengar til det som er primæroppgåvene til helseføretaket. Eg meiner det er svært viktig at Helse Førde og andre helseføretak brukar pengane sine så rasjonelt som dei kan. Og dei må fokusere på helse. Samferdsle må andre ta seg av.

    SvarSlett