23. september 2012

Gulatinget 2014

I 2014 er det Grunnlovsjubileum. 200 år sidan Eidsvoll 1814 og at Grunnlova vår vart laga.
Professor Ernst Nortvedt ved UiB sa  rett ut på ein konferanse at "utan Gulatinget hadde vi ikkje hatt ei Grunnlov å feire i 2014". Han utdjupa det med at lovtekstane frå Gulatingslova, og seinare reviderte i Magnus Lagabøte si lov, låg til grunn. Men kanskje mest det at folk var kjende med å organisere seg i ting for å lage lover. Og at denne kunnskapen gjekk attende til Gulatinget og var ikkje blitt "øydelagt" under dansketida.

Gulatinget blir ein del av Grunnlovsjubileet. Fylkeskommunen har sett av midlar til det, og eg trur også den sentrale komiteen for jubileet ser på det som naturleg. I alle fall nytta Stortingspresidenten høve då han var i Sogn og Fjordane tidlegare i år, til å snakke om Gulatinget og det viktige som hende der og kor viktig arv demokratiet er å ta vare på og foredle.

Derfor syns eg det er frustrerande viss ikkje fylket sett av midlar til formidlingsbygget på Gulatingstaden i investeringsplanen sin. Rådmannen foreslår ca 3 mill til å arbeide vidare med prosjektet på 2013-budsjettet. Men ingen ting til bygging. Gulen kommune har løyvd 10 mill i sin økonomiplan. Viss fylket gjer det samme, vil arbeidet for å få på plass ei statleg løyving kunne starte. Alle veit at det er lettare å få gehør for midlar viss det kan knytast til ei storhending slik Grunnlovsjubileet er.
Derfor må det vere tidenes dårlegaste strategi av fylkestinget viss ein lar den sjansen gå frå seg. Dersom ein ønskjer vidare utvikling av Gulatinget, då. Men det har alle parti slutta seg til via Utviklingsplanen.
Det er, kan dei som har prøvdt det, nyttelaust å kome til staten for å spørje etter pengar til eit prosjekt som ikkje er inne på lokale økonomiplanar.
Utfordringa til fylkestinget er derfor å sette av ei løyving til investering, slik at ein kan kome vidare både mot statlege og private finansieringskjelder. Og seier staten nei, så er no ikkje pengane brukte. Så det er ikkje store sjansen å ta!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar