9. september 2012

Kva er då eit menneske?

«Kva er då eit menneske, at du hugsar på det» heiter det i Salme 8 i Bibelen. Det står etter ei lang oppramsing av det vakre og gode og store i skaparverket. Og det fortsett med å fortelje korleis Skaparen sette dette mennesket til å styre over alt det skapte –«heilt ned til mauren i mold» som vi syng i ein annan song.

Mennesket har fått vit for å bruke det. Det er derfor vanskeleg å trekke dei etiske linjene for kva tid vitet vert brukt innanfor eller utanfor oppdraget vårt. Kva tid går mennesket frå å vere ein god forvaltar til å sette seg i Skaparen sin stad?  Skal mennesket med sin kunnskap, vere herre over liv og død, eller er det framleis ei makt (som mange av oss kallar Gud) utanfor oss sjølve som skal styre?

Dette er vesentlege spørsmål om menneskeverdet, og vesentlege spørsmål i vår tid.

Vi har etter kvart stor kunnskap og kan fikse og trikse mykje med biologien for både natur, dyr og menneske. Ofte vert kunnskapen brukt til å endre sjukdomar og redde liv. Men vi kan også bruke kunnskapen til det motsette. Og vi kan sette oss på den høge hest og prøve å definere kva som er «verdig» liv.

Dei politiske og etiske spørsmåla er mange; tidleg undersøking av barn i mors liv for å avdekke avvik, kven skal bestemme over livet til barnet i mors liv, vi assisterer personar som ikkje sjølve kan få born, vi bestemmer at born som blir til ikkje skal ha sjanse til å vite kven som er far, og no kanskje også mor. Vi kjøper «livmor-plass». Og vi vil gjerne bestemme kva tid vi er så sjuke at vi bør få døy.

Kva svar vi endar ned på er truleg avhengig av ståstaden og perspektivet til den som spør. Min ståstad er at mennesket er meir enn materie. Og at livet er meir enn tida på jorda. Eg trur på ein Gud, og at vi alle er ein del i ein plan. Derfor er det kanskje «lett» for meg å meine at vi gjer feil når vi sett eit menneske til å bestemme over eit anna menneske sitt liv og død. Men det vil vere situasjonar der eg meiner det må vere rom det. Abort etter voldtekt kan vere ein slik situasjon.

Desse store spørsmåla er ikkje uavhengige av verda vi lever i. Dvs. at dei edle intensjonar som ligg bak å hjelpe fort kan bli til utnytting av andre. For der det er behov er det også ein marknad, og der det er pengar må idealet svært ofte vike prioritet. Vi prøver å ramme inn med lover, men kjem sørgjeleg til kort. Og på eit tidspunkt vil kravet til «rettferd» vere større og meir politisk rett enn dei tunge etiske omsyna. Eit døme på det er korleis vi i ruspolitikken er i ferd med å gå frå forbod og førebygging til reperasjon og legalisering. Og likestillingsargumentet blir brukt om egg-donasjon.

I desse spørsmåla, der vi vil leike Gud, så må vi ta mål av oss til å vere like framsynte som ei skaparmakt. Kva gjer det med eit menneske å ikkje vite sitt biologiske opphav? Kva gjer det med eit samfunn at livet blir ei handelsvare? (Eg har fått twitter-kjeft for å kalle det det, men det er blåøygd å ikkje sjå den stor-industrien, utnyttinga og svarte økonomien som følgjer med vedtaka vi gjer)

Det var dette eg hadde lyst til å pirke borti i dag. Eg håpar på ettertanke hos deg som les, og ein diskusjon rundt bordet. Brukar vi styrings-oppdraget vi har fått på ein rett måte? For «kva er då eit menneske?»

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar