19. august 2012

Kristne aviser og FrP

Korleis kan det ha seg at aviser som kallar seg "kristne aviser" som td Dagen og Norge i Dag til tider held fram FrP som eit godt parti å stemme på? Kan hende vil de protestere på ein sånn påstand sjølve. Men for meg som lesar (sporadisk, rett nok), så synest det å vere slik.
FrP er for ein sekulær stat. Seinast svært tydeleg uttrykt gjennom fylkesleiaren i Sogn og Fjordane sin blogg, der han ma skriv at han "intenst mislikar" all form for religion. Overskrifta om hat mot ei heil menneskegruppe og deira tru skal eg la ligge, for den har han beklaga. Men han er svært nær å krenke rettane til kvar enkelt om trusfridom. Eg oppfattar ikkje dei nemnde avisene for å ønskje ein sekulær stat. Tvert om har dei på leiarplass ofte eit agg til KrF for ikkje å vere tydelege nok, eller for at partiet er for kompromissvillige.
Vidare er FrP eit liberalt parti. I alle fall i programmet og det dei seier. Kvar enkelt skal sjølv bestemme. Staten skal "ta" minst mogeleg inn i skattar og avgifter til å fordele på fellesskapet, fordi det "forstyrrer" marknaden, og fordi vi sjølve er best til å bestemme korleis pengane våre skal brukast.
Kva er det med FrP som gjer at nokre kristne meiner det er beste partiet? Er det så enkelt at det er uttalt støtte til Israel, uttalt mistru til muslimar, eller frieri til lommebok og egoisme? Eller står dei nemnde avisene for eit ønskje om ei smfunnsstyring meir lik den amerikanske, der den enkelte må hjelpe seg sjølv som best ein kan? Er det i felles mistru til sosialisme ein har funne kvarandre? Og i staden for å ta det beste frå ulike samfunnssyn og finne ein "tredje veg" hamnar heilt ute i hi grøfta?

I viktige livssynssaker er FrP knapt på bana, eller på det eg vil kalle feil banehalvdel. Det er nok å nemne ja til aktiv dødshjelp, ja til tidleg ultralyd for å lettare kunne fjerne barn med Downs, nei til tidleg skjenkestopp, ja til utsending av Romfolk og andre som grupper, ja til utsending av konvertittar, nei til bruk av religiøse symbol i det offentlege rom, nei til meir uhjelp, nei til strengare krav i klimapolitikken... Lista er svært lang...
Eg seier ikkje med dette at alt FrP står for er feil. Men for meg synest dei å bygge på ein ideologi som er vanskeleg å foreine med mykje av det eg opplever sentralt i den kristne bodskapen. Kanskje er nett det at FrP snur på femøringen og tilpassar bodskapen til den til kvar tid lyttande forsamling som gjer at dei vinn fram?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar