12. august 2012

SV og FrP; like utfordrande?

KrF skal bestemme samarbeid framfor valet i september. Personleg syns det er både vanskeleg og utfordrande. Og FrP har i alle fall ikkje gjort det lettare å sjå føre seg eit samarbeid med dei, etter retorikken rundt Rom-folk i sommar. Det har vore så usmakeleg, at eg vil rå partiet mitt til ikkje å gå i regjering med FrP!
Samtidig så er eg samd i at dei "raud-grøne" treng avløysing. Dei er blitt både slitne og makt-arrogante. Viktige saker blir avgjort i regjering, og det er ikkje opning for partia å finne betre løysingar i Stortinget. Fleirtalsregjering har nokre demokratiske utfordringar.
Ap og SV er svært opptekne av sentral styring. Dei kvir seg heller ikkje for å vite på alle sine vegne kva som er det rette valet for den enkelte. Der har Høgre ei langt betre historie. Høgre er, trass i at dei arbeider for større kommunar, meir opptekne av lokalt sjølvstyre.
Distrikts- og landbrukspolitikk har vore ein viktig grunn til at eg har vore skeptisk til høgresida. Men det er store utfordringar med Ap også på dette. Praten er grei, men er resultata det?

FrP seier det er uaktuelt å støtte ei regjering dei ikkje sjølve er ein del av. Det skjønar eg, og det er vel det same for KrF. Men eg meiner det er uaktuelt å vere med i ei regjering med FrP, med eit sterkt tyngdepunkt mot det blå-blå.
KrF sin styrke er verdi-basert politikk og sentrumspolitikk. Vi er opptekne av sosial politikk, utan å vere sosialistisk. Både Ap og H har lagt seg tett inn mot sentrum, og kan vere aktuelle å samarbeide med. Men politisk ligg nok både SV og FrP for langt unna i (kvar sine) viktige saker.
Sidan Sp, Ap og SV går til val som eit samla alternativ, så må KrF gå for eit skifte. Skal det ha noko for seg for KrF å skifte, så må det bli for å få meir av KrF sin politikk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar