21. februar 2013

Færrast mogleg 16-åringar på hybel


Årsmøtet til Gulen KrF meiner det er svært viktig å legge opp til ein skulestruktur for vidaregåande skular som gjer at færrast mogeleg 16-åringa MÅ flytte på hybel.Gulen KrF krev at Hordalandsavtalen blir halden oppe og heller utvida enn nedbygt. Vi støttar også ei vidare utvikling av Dale vgs med IB-linje i samarbeid med UWC

Nærleik til vgs betyr mykje for ungdomane, heimane og for lokalsamfunnet. For lokalsamfunnet betyr det mykje inn i mot frivillig arbeid og kulturliv, men også for busetting. Det er mange som ikkje vil velje å busette seg i ein kommune / bygd der borna må flytte vekk for å gå på vidaregåande.

Innsparingar knytt til Hordalandsavtalen er i stor grad knytt til båtskyss. Dersom ruta mellom Solund og Gulen blir borte, vil det i tillegg råke eit næringsliv i sterk utvikling og felles bu- og arbeidsområde hardt.

Det er viktig å legge til rette for pendlarruter til vidaregåande skular. Og for dei som må flytte på hybel, må det opprettast ruter som gjer at elevane kan reise heimanfrå måndag morgon i staden for tidleg søndag ettermiddag. Td. vil dette gjelde frå Oppedal eller Rutledal og til Dale.

 

2 kommentarer:

  1. Hei Trude, ser i saksframlegget hvor det er planlagt å avslutte Hordalandsavtalen at det legges til grunn at elever i Gulen vil flyttes inn i Sogn og Fjordane. Vet ikke fylkesrådmannen at de fleste fra Gulen vil flytte sørover mot Knarvik, Åsane og Bergen hvis de må på hybel?

    Njål

    SvarSlett
  2. Det er jo synd at familiar må flytte for å få gå på næraste skule. Men eg trur vi vinn denne kampen viss vi står på. Det er komplett uforståeleg at ikkje ei så fornuftig løysing som å få bu heime og gå på næraste skule skal få gjelde.

    SvarSlett