30. juni 2013

Kven definerer likestilling

Eg har alltid vore oppteken av likestilling. Såg på meg sjølv som feminist, var stolt av mormor som utdanna seg som lærar i Bodø og reiste til Voss fordi ho likte songstrofa: «På Vossevangen der vil eg bu, der er det godt å vera..». Og stolt av mor då ho i sinne sa opp avisabbonementet på «Dagen» i protest mot Arthur Berg sitt syn på kvinnelege prestar.
Men så kom kampen om abortlova. Ho var viktig i forminga av min politiske ståstad. Eg vart i alle fall ikkje rekna som feminist lenger, når eg var mot «fri abort». Min inngang til spørsmålet var også fundert ut frå kvinna. Eg syns det var urimeleg at i ein så krevande situasjon som eit ikkjeplanlagt, og kanskje uønska, svangerskap, så skulle samfunnet gje kvinna åleine ansvaret for å bestemme over liv og død. Det er enkelt for samfunnet å Pilatus-vaske hendene sine ved å overlate dei vanskelegaste vala til individet åleine.
Kampen om sjølvvald abort vart som han vart. Og det er ikkje vilje til omkamp. Men det er mange delkampar i kjølvatnet. Det kan vere å sikre gode ordningar for dei som vel å bere fram barnet. Å ha eit hjelpeapparat både i svangerskapet og etterpå for dei som ventar barn med funksjonshemming. Det kan faktisk vere noko så enkelt, og vanskeleg, som å skape haldningar til at alle born er velkomne. Eg er glad for at det er blitt meir vanleg og mindre «sladder» når jenter vel å bli «åleinemødre». Moral og moralisme er ikkje enkelt. Og på dette området har det vore mykje dobbeltmoral.
Ei ordning som burde vore veldig enkel å gjere noko med, og som Skeie-utvalet oppmodar om, er ei kraftig opptrapping av eingongsstønaden. Men regjeringa si stortingmelding om likestilling følgjer ikkje opp.
Familiar der mor har tent opp rett til foreldrepengar kan få opp mot ein halv million kroner i samband med fødsel. Kvinner som ikkje har opptent rettar får kr. 35.263,-! Det er urettferdig i eit livsløpsperspektiv at ei kvinne som føder på eit punkt i livsløpet mottek så mykje mindre enn ei kvinne som føder på eit anna tidspunkt.
Så både ut frå eit likestillingsspørsmål  og eit ønskje om å redusere aborttala, og ut frå helsefaglege råd om ikkje å vente for lenge med å få born, så bør eingongsstønaden aukast vesentleg.
Dette er enkelt å gripe fatt i og gjere noko med. Sittande regjering forsømde seg i likestillings-meldinga. Men du som veljar kan gjere noko med det.
Eg har forresten aldri slutta med å kalle meg sjølv feminist. Eg har vanskeleg for å godta at andre har monopol på å definere kva ordet betyr. Eg lever godt med det.




 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar