15. juli 2013

Traumer, dei og oss

Delrapport nummer to i ei tre-trinnsundersøking av den psykiske helsa til Utøya-overlevande og foreldra deira, viser at mange slit og treng vidare behandling og oppfølging. Det er ikkje overraskande. Og samfunnet stille sine beste folk til rådvelde for dei som opplevde den grufulle terroren på nært hald og for dei pårørande som fekk kjenne på den verste frykta vi kan tenkje oss.

Det som undrar meg er at eit samfunn som ser dette, og sett alle krefter inn for å hjelpe offera, ikkje opptrer rausare mot born og familiar frå andre land som søker nødhamn hos oss. Mange av desse har tilsvarande opplevingar i bagasjen. Terror, krig og vald samt redsel for at det same skjer viss dei må reise tilbake til landet dei flykta frå.

Eg skjønar at Norge ikkje kan ha heilt andre reglar enn andre land, og at vi då vil verte eit mottakar-land for fleire enn dei som treng beskyttelse. Men eg skjønar ikkje kvifor det skal så mykje til å tru på opplevingar, trongen for hjelp, opphald og trygg framtid.

Det verste er når born som har budd hos oss i mange år vert sendt «heim». Born som trur Norge er heime, og som ikkje kjenner anna enn norsk kvardag.

Desse tankane fekk eg når eg høyrde om traumebehandlinga. Om kor viktig det er. Då tenkte eg på born, unge og vaksne som er på flukt og som søker asyl. Ser vi dei som søsken, med same behov? Eller er det dei og oss?

4 kommentarer:

  1. Eg opplever at Noreg er rause mot menneske som treng hjelp og vern. Men verda er stor, og vi er eit lite land. Det betyr at vi berre kan hjelpe ein liten brøkdel av dei som treng vern. Då må vi prioritere. Dei med størst behov for vern er det viktigast å hjelpe.

    I fleire av sakene der lengeverande asylbarn har blitt returnert saman med familiane sine, har det ikkje eksistert eit reellt hjelpebehov. Situasjonen i heimlandet deira er ikkje så vanskeleg at dei ikkje kan skape seg ei framtid der. Så er det desverre slik at i enkelte tilfelle er foreldra ganske kyniske, og unyttar systemet for alt det er verdt. Nokre prøver å jukse seg til opphald på falsk grunnlag. Dersom vi gir slike familiar opphald, vil det bety at andre familiar med eit reellt og mykje større hjelpebehov ikkje får hjelp. Kva signal sender vi ut om det å trenere og jukse til slutt blir premiert med opphald? Kva tenkjer dei som reiste frivillig då? Det er ikkje rettvist. Asylsøkjarar som ikkje har eit reelt behov for vern må returnerast raskare.

    Har du døme på asylsøkjarar med stort behov for vern som ikkje har fått asyl?

    SvarSlett
  2. Det er eit vanskeleg område, eg innrømmer det. Men vi høyrer stadig om saker der ein må lure på om vi gjer rett. Td. meinte dept at monvertittar kunne reise tilbake. Dei trong ikkje fortelje nokon at dei var blitt kristne. Det er vankunne i system! Men det å vere traumatisert fordi du har opplevd overgrep / forfølging i heimlandet, slepper nok ikkje taket sjølv om regimet kanskje har endra seg.
    Blir spanande å sjå om Utøya-generasjonen i Ap vil stå for ein meir human politikk.

    SvarSlett
  3. Går det an å tenkje seg at dei som konverterte rett og slett gjorde det mest for å få lov til å bli i Noreg? Det er kanskje eit ubehageleg spørsmål. Men eg meiner det må stillast. Vi har jo sett mange døme på at folk er villige til å gå langt for å få opphald i Noreg.

    SvarSlett
  4. Som alt anna, kan dette juksast med. Men vi kan ikkje ha som utgangspunkt at folk juksar, kan vi?

    SvarSlett