31. mai 2010

mor, far og barn er unormalt

Det syns i alle fall Utdanningsdirektoratet, som i ei lærarrettleiing (lærebok for lærarstudentar) ber lærerane la vere å bruke omgrepet "vanleg famile" om kjernefamiliar (mor,far og barn). då framstår andre familiar som "uvanlege".
Dette syns eg er eit stort nissetøys!Og eg vil ikkje ha eit slikt samfunn som definerer vekk natur og kultur til fordel for eit slags verdiutvaska mindretalstyranni.

Det er faktisk mor, far og barn som er det vanlegaste familie-omgrepet. Det er det som er idealet til dei fleste av oss. Det er det naturen legg opp til. Og det er mange undersøkjingar som viser at dette er det mest stabile, og den beste ramma rundt oppveksten til born.

Det som er godt for barna, er godt for alle! Også for samfunnet.

Så er det sjølvsagt dei som ikkje passar inn i dette, enten fordi ekteskap eller forhold går i stykker, eller fordi dei har ein legning som gjer at ein vel andre samlivsformer. Dette skal ein også lære om og skape forståing for. Men å dermed åtvare mot å snakke om kjernefamilien som vanleg, blir etter mi meining heilt feil!
Eg trur det beste for alle er å kalle ein spade for ein spade. Å lage nye omgrep som "babyfrø" eller "babyegg" for å forklare korleis barn blir til kan umogeleg vere rett i ein skule som skal fremje kunnskap.

I tillegg omtalar boka skulen som ein "hetero-fabrikk", og meiner det er eit problem at foreldre og lærarar vert forventa å leve i heterofile familieformer.
Kva blir det neste frå Utdanningsdirektoratet? Forslag om kvotering av lærarar etter familieform?

Bakgrunnen for bloggen er eit oppslag i Vårt Land 31.mai. Eg trudde eigentleg det var ein dårleg spøk. For dette er heilt på viddene!

3 kommentarer:

  1. God bloggpost og god blogg!

    SvarSlett
  2. Det er det sykeste jeg har lest på lang tid. Hvordan kan egentlig et så lite mindretall som LLH ha så stor makt i samfunnet? Jeg skrev også en bloggpost om temaet i dag: http://storenordmenn.blogspot.com/2010/05/totalitre-tendenser.html

    På tide at noen våkner, for dette er ingenting annet enn renspikket tøv!

    SvarSlett
  3. Veldig bra Trude. Det kan ikkje vere tvil om kva familieform som er den "rette". Men så var det den der berømte pendelen då, den stoppar ikkje i midtstille, men den slår også ut til motsatt kant.

    SvarSlett