11. januar 2010

Lov å spørje om tru?

I dei aller fleste yrke, så bør det ikkje vere lov å spørje den som søkjer om td. tru, legning eller politisk oppfatning. Men til no har det vore eit unntak i arbeidsmiljølova for trussamfunn. Pga. deira eigenart, der arbeidet oftast går ut på å formidle, styrke og endå til drive misjon for ei bestemt tru, så verkar det sjølvsagt for dei fleste at ein då også skal kunne spørje om tru ved tilsetting.

Regjeringa vil stramme inn den retten. Dei brukar eksempel som at vaktmester og reingjerarar ikkje treng dette kravet, for dei er ikkje ein del av den ”spesielle” drifta til eit trussamfunn.

KrF vil halde på eit lovverk som sikrar trusbasert verksemd fridom i tilsettingsspørsmål. Læring og formidling i trusbaserte verksemder skjer ikkje berre i td. klasserom og undervisning, men også i kvardagslivet på internat og det øvrige miljøet. KrF vil derfor halde fast ved at dei verksemdene som dette gjeld skal kunne stille særskilte krav til tilsette.

Det er ganske ”rart” viss eit trussamfunn skal måtte tilsette folk som er usamd i, og som endåtil kan opptre i motsetnad, til det som er verdigrunnlaget og eksistensgrunnlaget for verksemda.

Saka er på høyring. Stortinget avgjer. Fleirtalet er som kjent raudgrønt, og som oftast diktert av regjeringa. Men kanskje vil dei høyre på folkeleg engasjement i ei sak som dette?

3 kommentarer:

  1. Lat oss håpa at regjeringa høyrer på mindretalet i ei sak som dette. Elles vil me berre halda fram med å sjå totalitære tendensar frå dei raudgrøne.

    SvarSlett
  2. Det er lov å håpe. Det nytter ikke uten at man prøver.

    SvarSlett
  3. Bra innlegg. Kjekt å lese bloggen din!

    SvarSlett