18. juni 2010

mobildekning

Alle tar etterkvart mobildekning som ei sjølvfølgje. Slik er det ikkje. I distriktet så kan det vere ganske vanskeleg å få denne tenesta. I tillegg bur det kanskje så få brukarar at Telenor eller andre ikkje ser det rekningssvarande å bygge ut. Men regjeringa veit råd. Dei seier at kommunen kan spleise med utbyggaren, så ordnar det seg.
Arne Wergelan m fl. har stått på for at det skulle bli dekning i Ynnesdal. Som ordførar så tok eg "ballen" vidare. Kopla også på nabokommunen Masfjorden som høyrer til lenger sør i dalføret og som har same problemet. Sidan mast og straum er tilgjengeleg for å sette opp sendaren på så kostar det "berre" kr 280 000,- for kommunen. Eg likar ikkje prinsippet. For det blir ganske dyrt i ein vidstrekt og spreiddbygt kommune, men eg er likevel oppteken av at også innbyggarane våre skal få del i desse "sjølvsagte" tenestene. Så saka kom til kommunestyret onsdag, og dei samla seg om løyvinga. Og i dag har eg sendt intensjonsavtalen til Telenor. Så no ventar vi på dekning. Håpar det skjer snart!!

13. juni 2010

helsesamarbeid sør eller nord?

For Gulen er det alltid eit spørsmål om kven vi skal samarbeide med. Skal vi samarbeide med Nordhordland eller med kommunane i eige fylke? Til no har vi gjort begge deler. Og eg vil påstå at vi har gjort det med stor forteneste og til beste for innbyggarane.
Men i stadig fleire saker så virkar det som om kommunestyre-representantar ønskjer at kommunen skal velje berre ein samarbeidspart. Og då helst sørover.
Det er krevande å samarbeide to vegar. Det krev meir møter, meir administrasjon. Gulen er td. med i to regionråd. Men det gir også store gevinstar i form av å ha mange å spele på. Sogn og Fjordane fylkeskommune har strekt seg langt for å få til utvikling i Gulen dei seinare åra. Fastlandsforbindelsen til øyane er ein del av det. Det same er Dingja-vegen, kabelferja til Hisarøy og Gulatingstaden. For ikkje å snakke om Sogn og Fjordane sin innsats for industriområdet i Sløvåg og vidareføring av eigarskap i eit nytt GMU. Eg tør påstå at her har dei hatt ein betydeleg større rolle enn Hordaland fylkeskommune, som samarbeidspart Masfjorden, tilhøyrer.
Men så kjem spørsmålet om helse, legevakt og samhandlingreform opp. Gulen kommune har vedteke å prøve å få vere med i Nordhordland legevakt. Det nærmar seg to år sidan vi søkte, eit år sidan vi bestemte retning, og endå veit vi ikkje noko om dei vil ha oss og til kva kostnad. Tidlegast i september vil saka kome opp i Regionrådet Nordhordland. Det er jammen godt at legane våre står på endå i tredelt vakt.
Vi har også sagt at vi er med på utgreiingssamarbeidet saman med Nordhordland i samband med samhandlingsreformen, sjølv om det kan vere litt meir utfordrande sidan vi høyrer til Helse Førde, og har Førde som lokalsjukehus. Vi har så langt også signalisert at vi er med på ein søknad i lag med Ytre Sogn og Sunnfjord om prosjektmidlar til å utgreie samhandlingsreformen. Kostnaden med det er ca. 15000,-.Men då seier Hovedutvalet for omsorg nei. Dei tilrår at vi konsentrerer oss berre om samarbeidet med Nordhordland. Dei vil at kommunen skal gå i forhandlingar med Helse Bergen og Haraldsplass om å få endre tilhøyre til Helse Bergen og ha Haraldsplass som lokalsjukehus.
Formannskapet har tidlegare slutta seg til mitt forslag om at dette er ein stor debatt som vi skal ta til hausten. Det er viktig å legge fakta til grunn i ei sak som betyr så mykje for folk. Og det er sjølvsagt viktig å ha utgreidd fleire sider av saka. Dessutan er det jo ikkje slik at vi som kommune kan begynne å forhandle med eit anna helseføretak. Det er i så fall ei sak vi må ta opp med Helse Vest og departementet. Vik kommune har forresten prøvd, utan å lukkast.
Eg trur det beste og klokaste vi kan gjere er å bahandle saka på ein ryddig måte. Bruke nødvendig tid og verkeleg finne ut kva folk i Gulen vil tene på. Det er f.eks viktig for meg å vite kva som skjer med ambulansetenesta viss vi skulle flytte over til Helse Bergen. Det er kanskje største tryggleiksfaktoren, i tillegg til at det er lokale arbeidsplassar. Vil Helse Bergen kome ut i kommunane med ambulante team, slik Helse Førde gjer? Kva betyr det i fht. vidareutdanning og rekruttering?
Eg såg til mi store undring at leiaren i HOM uttalte i Nordhordland at Helse Førde ikkje var komne så langt som Helse Bergen med samarbeid med kommunane. Eg veit ikkje kor han har det frå. Men det er i alle fall blank løgn. Helse Førde blir i alle samanhengar trekt fram som godt døme på samarbeid mellom kommunane og helseforetaket. Alle kommunar har underskrive rammeavtale og fagavtalar for lengst. Det er dette arbeidet Haraldsplass og Nordhordland no er i gang med.

Men altså; det viktigaste for meg er gode helsetenester til alle innbyggarane i Gulen. Og det valet kan ein ikkje ta ut frå følelsar, enkeltepisodar eller berre eit ønskje om å kome til Bergen.

9. juni 2010

Fylkestinget

Reiselivsplanen er omfattande. Eit samarbeid mellom næringa og fylkeskommunen. KrF syns det er viktig å få betre statestikkgrunnlag. Slik det er no fangar ikkje statestikken opp td småbåtturisme eller dei minste overnattingstilboda. KrF fekk fleirtal for at fylket skal ta eit ansvar for å få på plass denne statestikken.
Norunn Lund Furnes, KrF, var saksordførar for saka om Tusenårsstaden Gulatinget. Fylkestinget var samrøystes om romprogram. Så no er det klart for arkitektkonkurranse. På mandag reiser fylkesordføraren, prosjektleiaren og eg til Oslo for å diskutere korleis vi skal vere ein del av Grunnlovsjubileet.
Eg stilte spørsmål om språket i saksframstillingane og vedlegga. Språk er makt! KrF vil ha det enkelt og godt. Gjerne kort og presist. Trur dei fleste var samde, og kjente seg att i at bunkane med sakspapir er tunge på meir enn ein måte.
Det vart fleirtal for å vere med i prøveprosjektet "treningsruter for born", men Ap, SV, Sp og H ville ikkje løyve pengar før i budsjettet til hausten, så då skjer det no ikkje noko i år i alle fall. Derimot var alle samde om å utvide "Trygt heim for ein 50-lapp"

31. mai 2010

mor, far og barn er unormalt

Det syns i alle fall Utdanningsdirektoratet, som i ei lærarrettleiing (lærebok for lærarstudentar) ber lærerane la vere å bruke omgrepet "vanleg famile" om kjernefamiliar (mor,far og barn). då framstår andre familiar som "uvanlege".
Dette syns eg er eit stort nissetøys!Og eg vil ikkje ha eit slikt samfunn som definerer vekk natur og kultur til fordel for eit slags verdiutvaska mindretalstyranni.

Det er faktisk mor, far og barn som er det vanlegaste familie-omgrepet. Det er det som er idealet til dei fleste av oss. Det er det naturen legg opp til. Og det er mange undersøkjingar som viser at dette er det mest stabile, og den beste ramma rundt oppveksten til born.

Det som er godt for barna, er godt for alle! Også for samfunnet.

Så er det sjølvsagt dei som ikkje passar inn i dette, enten fordi ekteskap eller forhold går i stykker, eller fordi dei har ein legning som gjer at ein vel andre samlivsformer. Dette skal ein også lære om og skape forståing for. Men å dermed åtvare mot å snakke om kjernefamilien som vanleg, blir etter mi meining heilt feil!
Eg trur det beste for alle er å kalle ein spade for ein spade. Å lage nye omgrep som "babyfrø" eller "babyegg" for å forklare korleis barn blir til kan umogeleg vere rett i ein skule som skal fremje kunnskap.

I tillegg omtalar boka skulen som ein "hetero-fabrikk", og meiner det er eit problem at foreldre og lærarar vert forventa å leve i heterofile familieformer.
Kva blir det neste frå Utdanningsdirektoratet? Forslag om kvotering av lærarar etter familieform?

Bakgrunnen for bloggen er eit oppslag i Vårt Land 31.mai. Eg trudde eigentleg det var ein dårleg spøk. For dette er heilt på viddene!

12. mai 2010

Aborttala går opp

Å abortere eit foster er å ta liv. Landet vårt har ei lov som seier at det er lov å gjere det, og at fram til 12.veke så er det mor som skal bestemme dette. Eg meiner lova er feil. Men uansett om ein er enig eller ikkje med abortlova, så må det vel vere eit mål å få ned aborttala.
Men dei har altså auka. Trass i alt vi veit og kan. Trass i regjeringa si satsing på at ein skal få kjøpe angrepillen over alt.
KrF foreslo eit sett med tiltak, men merkeleg nok så fekk ein ikkje støtte. Er det fordi regjeringa berre støttar det dei kjem på sjølve? Eller er det fordi dei ikkje meiner det er viktig å sette inn tiltak?

Eg har fått mange innspel i det siste på eit tiltak; nemleg eingonnsstøtta ved fødsel. Viss mor har vore i jobb, så får ho full lønn i permisjonstida. Men viss mor er student eller av ein annan grunn ikkje har vore i lønna arbeid, så får ho berre utbetalt 35.263,- kroner.
NAV seier at utbetaling av eingongsstønad er eit teikn på risiko for barnefattigdom. (Sjølvsagt)
KrF foreslår ei 4-dobling av eingongsstønaden. Og endå er det langt under det "arbeidande" mødre får. Økonomi kan vere ein viktig grunn til at f.eks studentar ikkje ser muligheten for å behalde barnet. Dette kan samfunnet lett gjere noko med. Og samfunnet vårt treng barn!

8. mai 2010

utan politi

Det skjer mykje omorganisering innan politiet for tida. Som i alle slike statlege prosessar, så ser det ut til at mantraet er: Vi må samle oss meir for å klare å rekruttere. Vi må sentralisere og effektivisere administrasjonen, slik at fleire er i operativ teneste.
Kan nokon snart forske litt på om resultata blir slik som organisasjonakonsulentane trur? Eg meiner å ha lese at det ikkje har blitt fleire politifolk på gata etter siste omorganisering. Kvifor fortsett ein med same medisinen då?
Eg har ikkje noko i mot at ein skal vere effektive. Men er NAV sine endringar eit døme på det?
Kanskje er det mest effektivt at ein fortsett å vere i lokalmiljøet, der ein kjenner forholda og lett kan samhandle på trvers av etatar. Vil ikkje det vere det mest kostnadseffektive for samfunnet? For ikkje å snakke om brukaren?
Det er kanskje "effektivt" at det berre er eit lensmannskontor i Masfjorden, Gulen og Solund, men eg trur ikkje sulingane opplever det effektivt at politiet ikkje kjem når dei har bruk for dei, eller at dei kjem dinglande lenge etter at det var bruk for dei.
Sogn og Fjordane skal gå frå 23 til 3 lensmannsdistrikt. Skal dette lukkast, så må staten skape tryggleik for at lokalkontora framleis skal vere der, med bemanning ute i kommunane! Den tryggleiken har vi langt i frå, og etter mange "omorganiseringar" så kjenner vi lusa på gangen.
Før skulda ein på manglande rekruttering. No er det viss mange som påstår dei ikkje får jobb. I Gulen er det ledig 3 stillingar. Løp og søk!!
Ein liten blomst til regjeringa til slutt: Det er flott at dei auka opptaket av studentar. Og det er veldig viktig at dei held fast på ikkje å opprette veldig mange stillingar i sentrale strok. I så fall vil dei dra proppen ut av rekrutteringa i distrikta.

2. mai 2010

Flau sosialisme

1.mai og arbeidersong, nostalgiske tilbakeblikk og kampar om dagens politikk. Vi har ei sosialistisk regjering i Norge. Slik sett er dagen eit utstillingsvindu, for det som fungerer, og ikkje minst for det som ikkje fungerer.
Kva har skjedd med dei fattige? Fattigdomen i eige land er langt frå avskaffa, slik SV lova. Tvert om. Viss vi i Norge i dag har "bundne trelle", så er vel det dei fattige? Og dei som har rusproblem, ofte kominert med psykiatrisk diagnose. Her må kreftene settast inn. Fort!
Og barnevern? Staten manglar 700 fosterheimsplassar, men takkar nei til tilbod frå private organisasjonar om hjelp til å finne desse heimane. Er det "best for borna"? Eller er det fordi organisasjonane har kristent tilsnitt, og dermed ikkje passar ei sosialistisk regjering?
På alle desse områda legg staten ut heimane til folk på anbud. Bestemor skulle ikkje på anbud, men det er heilt greitt med bestemors barnebarn!
Og kva med den internasjonale betydninga av arbeiderdagen? Støtta til eigne bedrifter for å etablere seg i "U-land" er framleis rekna med i Uhjelpa. Det same er kvotekjøp av regnskog. Kan det vere rett? Det er vel å prøve å nå 1% målet av BNP på feil premissar. Juks med tal.

Miljøet og klimautfordringa er vår tids største sak. På sjølvaste 1. mai kom meldinga om at regjeringa har utsett rensing av gasskraftverket på Mongstad. Kva solidaritet er det? Norge lever godt med det, men kva med fattige land som vert overfløymd først?

Eg seier ikkje at alt er gale, men det manglar ein god del på viktige felt. Og dei felta rammar ofte dei svakaste. Skjerp deke!